mandag 24. oktober 2022

Tida lindrar

 I tråd med forige innlegg med eit dikt av Emily Dickinson om tida  reflektaerar eg over  fortida, framtida og augneblinken no og går til Wilfrid Stinissen som har så mange god argument å koma med. I boka som har den norske tittelen "Vandring med hvilepuls" skriv han om å "Leve i øyeblikket", mange har skreve om det same, men broder Wilfrid får klart fram det sentrale poenget. Han startar med å fastslå : " Kontakt med virkeligheten innebærer at vi lever i nået." For det som ligg bak oss eller framom oss er ikkje heilt røyndom, og vi har tendens til å falla for to fundamentale freistingar, vi kan bita oss fast  i fortida  eller vi kan leva i framtida. Når vi sluttar å leva her og no blir vi rastlause og urolege, vi dvelar med det som var, godt eller vondt, eller vi drøymer oss bort i det god som skal koma, eller vi gruar oss til det vonde som står for døra. Men slik er ikkje Guds røyndom, " Gud er selve virkeligheten, derfor lever han i et evig nå." Bibelen vil læra oss å kjenna Gud slik han er no, og ved å høyra om kva Gud gjorde i tidlegare tider får vi vita korleis Gud er. Kva krev så augneblinken av deg ?  Kva gjer vi med vår frie vilje ?  Vi har fått den for å seina ja skriv broder Wilfrid, altfor ofte brukar vi den til å seia nei når Gud bankar på.  Her siterar han ein fransk pilegrim frå 1600 talet: " En finner Guds vilje ved å gjøre den " ( On trouve la volonte de Dieu en faisant). Kva betyr dette  ?  Det betyr mellom anna at vi skal vera  ventande, vakne og lyttande så vil gradvis Guds vilje bli klar for oss . Det betyr og å vera merksam på at  "Det fins  et stillhetens rom inne i oss." Dette er ein sentral tanke  i alle kristen mystikk. Dette "stillhetens rom " har vi tilgong til i den indre bøna, men og ellers dersom vi vel å leva  i augneblinken  og ikkje flyktar tilbake i fortida eller inn i framtida.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar