mandag 7. september 2015

Max Bruchs første fiolinkonsert

Den tyske komponisten Max Bruch (1838 - 1920) sin musikk er vel ikkje så godt kjent med unntak av hans første fiolinkonsert i G- moll frå 1868. Dette trass i hans lange karriere som musikklærar, komponist og dirigent både i og utanfor Tyskland.
Eg har hatt gleda av å høyra dette romantiske meisterverket framført to gonger i år.Først i Stavanger konserthus med Stavanger symfoniorkester , ein unge estisk dirigent og ein russisk solist.Fin framføring, men Henning Kraggeruds briljante fiolinspel med Kristiansand symfoniorkester i Kilden sist veke var nok ei enno større oppleving.
Musikken var kjent for meg frå før etter å ha lytta på EMIs innspeling med den eksentriske engelske fiolinisten ( fotballfan med punke image) Nigel Kennedy.
Blant Bruchs omlag 200 komposisjonar er det og enkelte med jødiske tema. Under mistanke om at han hadde jødiske røter, noko som ikkje var tilfelle, vart musikken hans bannlyst av naziregimet!

Lytt til hans versjon av Bruchs fiolinkonsert via linken under og la deg fascinerast av romantikkens toneverd:

https://www.youtube.com/watch?v=TM0kQSvxHhU


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar