søndag 27. september 2015

Poetica 2008 1.

             Den siste som gjekk.

Ingen blei att
døra står enno på gløtt
innanfor er det spørsmål og mørke
urolege stemmer som tala saman
for lenge sidan
men aldri vart samde.

Ingen kjem heller tilbake
ingen snur seg
før dei går opp stien
gjennom grinda over gardsplassen
trør på vått og sleipt lauv
etter dagar med kuling og regn.

Ingen går krumbøygd
mot regnbygene mot vinden
redd for å falla på den vasstrukne bakken
og støttar seg på steinmuren
og du vil heller aldri få vita
kven som var den siste som gjekk.


                                                              *


Inga redsle no

Vestlandsmorgon
desembertung og lukka
blar igjennom innleiinga
sidene våte og samanklistra
bodskapen gøymd på baksida
bokstavar og teikn
for langt borte til å tydast

Dagen er hjulspor
sludd og brå død
men vidda opnar seg
mot skumringa
himmelen gløymslefarga
og skjør song frå den andre sida

Inga redsle no,
inga redsle ?
Inga von ?

                                                 *
                Kirsebærtreet blømer.

Kirsebærtreet blømer
eg stryk over stamma
det glatte og ru isaman
like over røtene
der alt møtest i mørk jord
fuglar byggjer reir
og bur saman med lyset
der himmelen bare er
eit andedrag borte
eller kjennest det slik no
like etterpå
når vi er på flyttefot
bort frå den mørke jorda
dei blømande kirsebærtrea.



                                                *
Kveldar som denne.

Kveldar som denne
seier Albert Camus
kan ein halda ut
tanken på døden
kveldar som denne
med solblank vassflate
lyden av badande born
langt borte
suset frå fuglevenger
og ein liten flik
av røyndomen
heilt inn til deg
som det mjuke vatnet
du glir ned i
andeparet som steller fjøra
og saumfarar botnen
kveldar som denne
når livet flyt så lett
på vasshinna
større og likevel urørbart.



                                            *


Livd

Etter regnbyga
du skyv greinene til sides
varsamt
regnet drysser frå granbaret
vått gras mjuk sol
ber forventning.






Vertikal

Vertikal granitt
mosen glatt og fuktig
no misser du ikkje taket



                                                      *

                 Now, o now I needs must part.

Fråveret er stille
som frostrøyken over Øresund
tidleg vintermorgon
John Dowland går åleine
gjennom aude salar
tungsinnet strauk bort svevnen
så altfor brått
eller var det ein strofe
som kjempa seg opp frå draumen
for så å stryka over det iskalde golvet
mot lutten som ligg på bordet
over mot det nordre hjørnet
fingrane glir varsamt over strengane
forsiktig no noko lever her
lever vidare i mørke avstand og kjærleik
det som er meir enn eit hjarta kan eiga
now, o now I needs must part




                                             *
         Og kjolen din er kvit

Langt borte
nesten over mot den andre sida
der himmelen rører forsiktig ved havet
små kvite segl i kveldssola
og der er du der ute
åleine inn i det svinnande lyset
i den kvite kjolen din som
du drog over dei sommarbrune skuldrane
fort som om nokon skulle koma uventa
men ingen kom og soldagen blei borte
inn i mjukt og vernande mørkre
neste morgon vil kjolen din enno vera kvit
som i diktet til Salvatore Quasimodo
et la tua veste é bianca
eg les det langsomt og ventande
i skuggen framom det store bøketreet.

                                     *

     Oktober


tunn ishinne
speglande
haustklår oktober
djupet
du trør varleg
langt der nede
løyndomar.  


                                                 *

Påske
Ardennerskogen
splintra trestammer og bombekrater
avrevne kroppsdelar i snøen
men ikkje berre dette
ikkje åleine nazismens krampetrekningar
no bur ein stor og uforståeleg ro her
klosterklokkene bryt stilla
lyden som stig oppover
gjennom påskenattas mørkre
for til slutt å kleba seg til
dei store våte snøflaka
tungt fallande mot jorda
føl med ned og legg seg på bakken
ser vi nøye etter kan vi sjå dei
under trestammene
i vått rotnande fjorårslauv
lyttar vi nøye er lyden der enno
lenge etter at klokkene tagna
ein stad mellom minne og dikting
bakanfor teikna og orda
aldri åleine.

                                              *


 Samtalar.

Blått og gjennomskinleg
dette sollyset mot kroppen
kvilande mot det harde grunnfjellet
mjuke vindpust mot maidagen
stemmene som nærmar seg
og fjernar seg frå meg
brokker av samtalar
lausrevne ord og navn
halvt fullførte setningar
lever sitt eige liv no
bare eit kort utrop
eit kort glimt i tida
og så livet til dei andre.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar