onsdag 2. september 2015

Esther,kanskje

"Hvis Kain drepte Abel og Abel ikke hadde noen barn, hvem er da vi ?"  reflekterar den russisk-tyske forfattaren Katja Petrowskaja i sin debutroman "Esther, kanskje".  Ho let spørsmålet henga i lufta og er ikkje ute etter å fordela skuld for kanskje er vi alle skuldige ? Petrowskaja rører ved dei store spørsmåla i tilveret på eit bakteppe av dei mest dramatiske hendingane i det førre hundreåret. Men dette er ikkje dikting og distansert refleksjon, men derimot livet og døden til hennar eigne næraste slektningar. Det er etter kvart kome mange personlege vitnesbyrd om dei brutale krigsåra fram til 1945, Katja Petrowskajas roman er definitivt ikkje mellom dei minst lesverdige.

Katja Petrowskaja vart fødd i Kiev i 1970 i ein sekulær jødisk familie. Ho flytte etter kvart til Tyskland, lærte seg språket flytande og byrja  å skriva i tyske aviser. Debutromanen er skreve på tysk og fekk strålande mottaking, ho fekk Ingeborg Bachmann prisen for boka. Språket er nyansert og poetisk med  referansar til litteratur og filosofi. Illustrasjonane med små svart-kvitt bilete får ein til å assosiera til W.G.Sebald, språket og tematikken har og fellestrekk med hans bøker. Som hos Sebald står erindringa sentralt hos Petrowskaja, erindringa om det som var , om dei som var og som det no ikkje er spor etter. For faktisk er det slik at en svært stor del av offera for Holocaust er borte ikkje bare i bokstaveleg forstand, men det finst heller ikkje spor etter dei for alle arkiv er også borte. Etter kvart er også dei siste tidsvitna borte, Petrowskjaja innser dette når ho byrjar å nøsta i sin eigen families dramatiske historie. " Historie er når det plutselig ikke finnes noen mennesker lenger som man kan spørre, bare kilder. Jeg hadde ikke lenger noen jeg hadde kunnet spørre, som ennå kunne huske disse tidene."  Men ho held fram med å leita, ho reiser rundt i Europa, ho oppsøkjer folk som kanskje veit noko, ho får kontakt med ukjente slektningar. Ho kjempar mot det siste  ultimate overgrepet, ikkje å bli minnast. Esther eller var det kanskje det som var navnet hennar, er ein slik person. Ho er bestemora til faren, men han kalte henne bare babutsjka. " Jeg tror hun het Esther, sa far. Ja, Esther kanskje."  Esther er skrøpelig og blir igjen i Kiev når familien flyktar , ho blir ein av dei 33 771 jødane som nazistane tek livet av i kløfta Babij Jar to septemberdagar i 1941. Men det var vitne til dette som skjedde då jødane i byen vart drevne ut til Babij Jar: " Det må ha vært hundrevis, tusenvis av mennesker som så jødene da de dro gjennom byen i slutten av september 1941, de må ha vært titusener som hadde hørt om det." Vi er alle Kains barn !

Faren til Katja Petrowskaja er bare eit barn på denne tida, kanskje er det tilfeldig at han overlever og slik også gjev henne hennar eksistens. Nokon har teke med eit fikentre på lastebilen som skal føra jødar ut av Kiev, det blir kasta av og det blir også plass til det vesle barnet som er Katjas far. Det blir  utgongspunkt for ein refleksjon om erindring." Fantes fikentreet, eller er det en fiksjon ? " Faren svarar at : "Ofte er det nettopp en klype dikting som gjør erindringen sannferdig." Slik er språket og diktinga med på å løfta fram desse personane og desse hendingane. Dei blir ikkje gløymt, dei lever vidare i språket. Det er kanskje og hovudbodskapen til Pertrowskaja, med språket som reiskap å løfta "Esther" og alle dei andre tilbake i erindringa, tilbake i historia.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar