søndag 27. september 2015

Der vindane møtes

"Si meg, Heldur hva er frihet verd om du må betale for den med ensomhet ? " spør Erna Tamm, hovudpersonen i Marrti Heldes film som på norsk har fått tittelen "Der vindane møtes".Erna er er blitt skilt frå mannen Heldur og saman med dottera sendt frå heimstaden i Estland til tvangsarbeid i Sibir. I von om ein gong å få sjå mannen igjen skriv ho brev til i dagboka si. Først når Estland vert eit fritt land igjen i 1990 får ho veta at mannen vart henretta eit halvt år etter deportasjonen. Stalin viste ingen nåde mot dei baltiske folka, meir enn ein halv million vart deportert til Sibir, svært få fekk sjå heimlandet igjen.
Marrti Heldes debuterar med dette meisterverket av ein film, at han som 27 åring er istand til å få til dette er nærast uforståeleg. Han har brukt ei svart-kvitt uttrykksform der kvar scene er som eit lite kunstverk.Innleiinga og avslutninga er som vanleg film, men deportasjonen og opphaldet i Sibir er forma som tablåer, skodespelarane er stivna i augneblinken og kamera glir langsom over dei. Det understrekar det meiningslause og uverkeleg ved desse hendingane, kvardagen er der ikkje lenger, tida har stoppa opp. Kontrasten til livet i Estland før deportasjonen kan ikkje bli større. Med poetiske varme skildrar han Erna og Heldurs lukkelege familieliv.
"Epletrærne stod allerede i blomst det året.Det føltes som det skulle bli tidenes sommer. Villepletreet vårt som vokste midt ute på enga, var dekket av et hvitt teppe som for å skjule det få bladene. De, å så skjønne dufter av blomster kan jeg kjenne til denne dag", skriv Erna der ho sit i kulden og einsemda i Sibir og lengtar heim.
Det er juni 1941, Stalin set i gong sitt holocaust mot tusenvis av uskuldige menneske frå Estland, Latvia og Lithauen. Marrti Helde har skapt eit verdig minnesmerke over desse menneska. Det gjer sterkt inntrykk og er ikkje lett å gløyma.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar