lørdag 6. september 2014

Norsk barokkmusikk: Johan Daniel Berlin

Blei det skapt musikk i Norge før 1800 talet ? Folkemusikk naturlegvis, men det blei og komponert musikk i barokkstil. Eg ville gjerne utvida mine kunnskaper, og då eg vann
 premie i NRKs musikkonkurranse "Klar en klassiker" ønskte eg meg naturleg nok  den nye CD`en  på Simax med  musikk av Johan Daniel Berlin og sonen Johan Heinrich. Framføringa er ved  Norsk barokkorkester med Gottfried von der Golitz  og Alexandra Opsahl som solistar på fiolin og blokkfløyte.
Rett nok var ikkje Johan Daniel Berlin fødd i Norge, men han levde det meste av livet i Trondheim, og det var her han gjorde ein innsats både  musikalsk og på ei rekkje andre område.
Johan Daniel Berlin vart fødd i Memel i Preussen ( no i Litauen) i 1714.  Faren var stadsmusikant og han gav Johan Daniel den første musikalske innføringa. Seinare studerte han i København, her knytte han og kontakt med ei rekkje av tidas framståande komponistar hovudsakleg i Tyskland. I 1737 kom Johan Daniel Berlin il Trondheim som stadsmusikant, og han vart her resten av livet. Han kom i stor grad til å setja sitt preg på byens musikkliv på 1700 talet både som utøvande musiker, ikkje minst som organist i domkyrkja, som inspirator og pedagog, som komponist, og dessutan som konstruktør av både  musikkinstrument og instrument for stemming og måling av intervallar. Johan Daniel hadde tre søner som alle var inspirert av farens musikkinteresse. Johan Heinrich var nok den dyktigaste, han fungerte som organist, cembalist og komponist av nær seksti verk fram til sin død i 1807.
Det meste av det som både far og son komponerte er dessverre gått tapt, men noko er teke vare på og kan spelast inn for første gong i vår tid. Det dreier seg om ein sinfonia av Johan Heinrich, tre sinfoniar og ein fiolinkonsert av faren Johan Daniel. Musikk komponert i tidas stil og kanskje ikkje spesielt orginal, men musikk til å bli glad av og ikkje minst eit genuint uttrykk for at Norge på 1700 talet hadde del i den store  europeiske kulturtradisjonen.

Johan Daniel Berlin var på ingen måte einsidig musikk interessert, tvert imot var han det vi i dag ville kalla eit universalgeni. Han var levande interessert i teknikk og naturvitskap, og var ein av initativtakarane til Det Kongelige Norske Videnskapers Selskap. Han konstruerte alt frå  frå brannsprøyter og treskemaskinar til musikk instrument. Han hadde store kunnskaper i matematikk, hydraulikk og meteorologi. Ei tid fungerte han både som både overbrannmester og ansvarleg for Trondheims vassverk. Han skreiv og ein av dei første lærebøkene i musikkteori som kom ut i Danmark-Norge, Musicaliske Elementer.


På CD omslaget ser vi ein del av Johan Daniel Berlins konstruksjons teikningar av ulike maskinar
Ein spennande og inspirerande mann med eksepsjonell stor arbeidskapasitet.


                                        Orginale  notar til ein av Johan Daniel Berlins komposisjonar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar