tirsdag 2. september 2014

Det hvite båndet: barnet og døden

Eg ser om igjen filmen "Det hvite bånd" (Das weisse Band), med undertittelen  "En tysk barndomshistorie" av den østerrikske regissøren Michael Haneke.Filmen kom i 2009 og fekk velfortjent gullpalmen på Cannes-festivalen dette året. Det er ein sterk og uhyggeleg film som sit i lenge etterpå, kanskje enno sterkare når ein ser filmen for andre eller tredje gong. Det vonde og dystre blir ikkje vist eksplisitt , bare antyda og då gjer det kanskje enno sterkare inntrykk. Filmen  går føre seg i ein tysk, protestantisk landsby like før Den første verdskrigen. Ei rekkje av landsbyens personar blir skildra gjennom augene til læraren mange år seinare. Fleire tragiske og brutale hendingar utspelar seg i landsbyen, og det ligg ei sterk uhygge over det heile. Vi får aldri veta kva som eigentleg ligg bak, men sentral står heile tida barna i landsbyen, barna til presten, landsbylegen, jordmora, baronen. Dei blir utsett for tidas beinharde barneoppdraging, men og for direkte mishandling og incest. Kva gjer det med desse barna ? Det ligg nærliggjande å sjå dei for seg eit par tiår seinare som Hitlers lydige undersottar. Regien, fotograferinga og ikkje minst skodespelarane er mesterleg.
Haneke klarar å få fram heilt utrulege scenar med desse barna. Ein av dei som gjer sterkast inntrykk er når landsbylegens dotter Anna og hennar vesle bror Rudolf samtalar om døden. Ein kvinne i landsbyen har akkurat omkome og Rudof stiller det grunnleggjande filosofisk spørsmålet: " Kva er døden ? " Søstera svarar så fornuftig ho kan. " Skal alle døy? Skal du og døy Anni ? Skal eg og døy?  Pappa skal han og døy? Alle menneske skal døy ! Og ein kan ikkje gjera noko med det ?"
Til slutt spør han om mora som alt er død og ikkje berre reist bort. Ja, ho er død svarar søsteren, og vi ser fortvilinga i augene hans når han skyv tallerkenen på golvet. Den same fortvilinga vi alle kjenner stilt overfor døden som vi ikkje forstår noko betre enn dette vesle barnet. Det store mysteriet lagt inn i denne barnesamtalen. Betre går det ikkje an å få det til !

Linke til denne scenen på youtube:
https://www.youtube.com/watch?v=B7jocH-mHFA




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar