mandag 7. juli 2014

Seljumannamesse

I morgon 8.juli feirar vi det som på den gamle norske primstaven var avmerka som Seljumannamesse. Dagen er til minne om Den heilage Sunniva og Seljumennene som iflg. historia frå 900 talet  let seg reka med ver og vind  frå Irland og enda opp på Selja. Selja vart eit av dei første fotfesta for kristendomen i Norge, og her var bispesetet for Vestlandet fram til det vart flytta til Bjørgvin 1170. Selja og Sunnivaskrinet var eit viktig pilegrimsmål i Mellomalderen, og er kanskje i ferd med å bli det igjen ? 31.august vart skrinet med levningane etter Sunniva flytt til Kristkyrkja i Bjørgvin, difor er og 31.august ein Sunnivadag, den såkalla translasjonsfesten.
Bendiktinarmunkar frå England grunnla S.Alban klosteret på Selja som vi framleis finn ruinar av. Etter reformasjonen gjekk staden i gløymeboka, men fekk ein  renessanse i vår tid, særleg dei siste åra. Kanskje kjem det på nytt eit benediktinarkloster på Selja !
Kelterane har det dei kallar "thin places", stadar der skiljet mellom det dennesidige og det hinsidige er mindre enn ellers, kanskje er det bare å strekkja ut hand så rører ein ved noko heilagt ? Selja er ein slik stad, ulik alle andre stadar i Norge. Eg har skildra denne opplevinga i ein liten tekst som eg har teke med før men som det ikkje skadar å gjenta i høve årets Seljumannamesse.







                                 Selja

Ikkje vindkast og uroleg sjø mot Stadt

men havet krystallklårt og speglande

som ei flate vi kunne stiga ut på

gje oss på vandring mot horisonten

og gå dei i møte dei som kom over Nordsjøen

for over tusen år sidan

bore fram av trua og bølgjene

Den heilage Sunniva og Seljumennene

steig i land og vart verande

næra av vona og nåden

himmelen vida seg ut over dei

og over stormen, havet og fjella

heilt til det uskapte ljoset

braut igjennom og viste veg

for alle dei som kom etter

over havet eller langs ulendte stiar

for å æra skrinet med Sunnivas lekam

det som bar i fem hundre år

for så å dekkast med gløymsle

i fem hundre nye år

berre ein og annan vandringsmann

kom her i kuling eller solgylt sommardag

drakk av kjelda og det var nok

men så ein dag skulle det uskapte ljoset

på ny bryta igjennom og visa veg

til mysteriet så nært så levande

at  vi berre kunne strekkja ut handa

og verta møtt av gjennombora hender

frå den andre sida

som eit forsiktig kjærteikn

som ein lovnad som ber gjennom natt og einsemd

aldri åleine den lange vegen heim.

 

 

 

1 kommentar:

  1. Så nydelig eit dikt.
    Selja er ein stad eg har hatt lyst å dra til lenge. Den har ei sterk historie.

    God sommar!
    Marieklem

    SvarSlett