mandag 3. februar 2014

Poetica:Vengjer


                          Vengjer

Sein ettermiddag i januar

eg stoppar opp i skumringstimen

gnir liv i stivfrosne fingrar

medan lufta fylles av drivande snøfnugg

og suset frå vinden i tretoppane

i furua bak meg ein stor orrfugl

vender seg mot lyden

for så å strekkja vengjene

nesten lydlaust glir han

lågt gjennom vinterskogen

når vinden løyer

er det som eit sus frå større vengjer

og så stille, heilt stille

som den heilage augneblinken

like etter at den siste kyrkjeklokka

tonar ut.


1 kommentar:

  1. Vakkert skildra.
    Naturen gir nokre slike heilage augneblikk.
    Mvh Marie

    SvarSlett