onsdag 22. mai 2013

Introitus



                        Introitus
Førti dagar etter påske
natta er kort no
mellom skumring og grålysning
eit tomrom som kan fyllast
noko maktar å bryta igjennom
løftar draumen opp mot slumrande medvit
bare ein svak tone no
ikkje  Messiaens ”Fuglekatalog”          *
eller Rautavaaras  ”Cantus Arcticus”  *
men linerlas introitus
inngongssongen til dagen
urørleg og lyttande
medan natta søkk
sola løftar seg
og fuglesongen stig og stig
like inn i dette forløysande  Gloria.


* Fuglesong inspirerte musikkverk frå 1900 talet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar