mandag 20. mai 2013

Eutanasi

Fremskrittspartiet tek fram sitt gamle vedtak frå 2009 , landsstyret vil at partiet skal gå til valg på legalisering av eutanasi. Partiet sa ja til aktiv dødshjelp i prinsippprogrammet for fire år sidan. Fremskrittspartiets Ungdom har nok vore ein sterk pådrivar på same måte som Unge Venstre som  tok opp det same forslaget, førebels utan å få gjennomslag i moderpartiet. Alle andre parti har til no avvist alt snakk om aktiv dødshjelp.
Foreininga " Retten til en verdig død" arbeider aktivt for at Oregon modellen skal verta lovleg i Norge. I Oregon er det lov med  assistert sjølvmord, legar kan skriva ut medikament som dei veit pasienten vil ta for å gjera slutt på livet. Gallupundersøkjingar viser og at det er ein klar trend i retning av at nordmenn ønskjer
eutanasi skal verta lovleg , slik det er det i Nederland og Belgia. Den norske legeforeninga er i motsetning til den nederlandske konsekvent imot eutanasi. I Nederland har eutanasi vore lovleg sidan 2002, eit stadig aukande antall nederlendarar får hjelp frå helsevesenet til å døy. I 2011 var talet 3700 (av totalt 140.000 dødsfall), det var ein auke på 18 prosent frå året før. Bare 8 prosent av nederlandske legar har reservert seg mot å utføra eutanasi av religiøse grunnar. Det har ført til at det er oppretta mobile klinikkar som køyrer heim til pasientar for å gje "hjelp" til dei som ikkje får det av sin fastlege.
Belgia følgde etter Nederland for eit par år sidan, Sveits og delstaten Oregon i USA har lover som tillet assistert sjølvmord. Fleire europeiske land og amerikanske delstatar diskuterar lovendringar. Storbrittania kan sannsynlegvis bli det neste landet som vedtek legalisering av eutanasi. I Tyskland skræmer nok spora frå 70 - 80 år tilbake lenge enno (meir om det seinare).
Kva er denne utviklinga eigentleg eit  uttrykk for ?  Det moderne mennesket vil ha absolutt kontroll over livet sitt frå fødsel til død. Vi vil sjølv avgjera kva for barn som kan få leva og når vi sjølve kan døy !
Ja trong for absolutt kontroll over eige liv ligg nok under, men det er ein einsam trong. I neste omgong vil spørsmålet om å vera til bry for samfunnet og sine næraste dukka opp. Enkelte argumenterar og med det i dag. Er det ikkje betre å be om eutanasi og dermed spara seg sjølv for vidare lidingar, sine næraste for slit og stress og samfunnet for utgifter til pleie og medisinar. Tilsvarande argument vart nytta av tyske legar i 1939. Det vart sett opp intrikate utrekningar over kor mange mark ein kunne spara ved å ta livet av ein handikappa eller psykisk utviklingshemma.
Pave Johannes Paul II tok gong etter gong til orde mot det han kalla " dødens kultur."
I Katekismen ( 2276-2279) er det uttrykt slik: "Uansett årsak og midler består eutanasi i å gjøre slutt på handikappedes, syke og døendes liv. Eutanasi er moralsk uttilatelig."
Vi kan stola på at sjølv om alle andre sluttar seg til "dødens kultur" vil Kyrkja stå fast i sitt forsvar for livet!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar