lørdag 18. mai 2013

"I ætt med æva" - Melderskin.

Til alle tider har menneska hatt religiøse kjensler overfor fjella. Mange kulturar, særleg i Himalaya området, har såkalla heilage fjell som det knyter seg spesiell ærefrykt til. I ein del tilfelle er det ikkje lov å klatra på eit heilagt fjell. Også i kristen tradisjon har fjellet vore ein stad for bøn og meditasjon, og vi kan finna fjelltoppar med små kapell eller kors. Kanskje får ein på fjelltoppen ei kjensle av å vera nærare det guddomelege, ein fyllest med ærefrykt og respekt for det som varer utover eit lite menneskeliv. "Godt å vita at Du er om eg fer. Godt å vita at Du står her når eg ikkje er " skriv ein lokal diktar frå heimbygda mi om det høgste fjellet vårt, Melderskin. Med sine 1426 meter over havet ruver det ikkje mykje samanlikna med Himalaya eller Alpane, eller toppane i Jotunheimen for den saks skuld. Det ruvar likevel nok til at ein etter 3-4 timars bratt stigning får denne opphøygde kjensla når ein endeleg står på toppen. " I ætt med æva" skriv den same lokale poeten og lokalhistorikaren, Kaare Skaala, som eg siterte ovanfor. Det er tittelen både på eit dikt og eit lite hefte han har skreve om dette fjellet.

"Grå og herdabrei
er du
hovudet over dei hine

arrut og senaturr
- javel
men med ein gamal slitars venleik

runnen av prekambriske røter
i ætt med æva

eg eig berre stunda
kjem her varleg
og audmjuk."

Ja, fjellet gjer ein audmjuk, ein trør meir varleg når stunda på toppen er med vidare.
Låg sol over Melderskin ein klår og kald dag like før jul.
                                         Utsyn frå toppen av Melderskin ein solvarm julidag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar