lørdag 4. mai 2013

Cantus arcticus

Kanskje er det slik at all musikk har sitt utspring i fuglesong ? Fleire komponistar har lete seg inspirera av naturens melodiar ! Olivier Messiaen (1908-1992), den store franske 1900- talls komponisten hadde to sentrale inspirasjonskjelder, katolisismen og fuglesongen. Eg trur dei utfyller kvarandre !
Ein annan kunstnar som har nytta fuglesong direkte i sine verk er finske Einojuhani Rautavaara (f. 1928). Hans  kanskje mest kjente verk er "Cantus Arcticus", konsert for fugler og orkester frå 1972.
Rautavaara har her  lete seg inspirera av det intense arktiske fuglelivet.
Musikkverket innheld tre deler, det byrjar med Suo - våtmarker. Først høyrer vi to fløyter så kjem fuglesongen frå våtmarkene i Nord-Finland og knyter seg gradvis saman med det orkestrale uttrykket. På slutten får vi ein melodi som skal uttrykkja  mennesket på vandring gjennom villmarka.Andre delen har tittelen "Melankoli" og innheld lerkesong som er flytta ned to oktavar slik at uttrykket blir mørkare og meir melankolsk. Eit uttrykk for hausten og døden i naturen, eller for den truga naturen ? Sist del har Rautavaara kalla "Svaner på  flukt", det startar med fleire ulike instrumentgrupper, det blir meir komplekst og så kjem svanene inn. Dei er på flukt og forsvinn etterkvart i det fjerne, musikken tonar gradvis ut slik også livet gjer det. Eg opplever "Cantus Arcticus" som ei storslått hylling til naturen og livet som kjem og går.
http://www.youtube.com/watch?v=WS9bOm3XHLE


Her er "mine" svaner tause og rolege, heilt utan eksistensielle funderingar.

1 kommentar:

  1. No har eg hatt meg ei stille morgonstund med ny musikk for meg. Fint.
    Lest og kost meg.

    God søndag på deg!
    Mvh Marie

    SvarSlett