I 1973 kom plata "På stengrunn", 16 tekstar av Rudolf Nilsen (1901-29) tonesatt og framført av sentrale norske artistar - Lillebjørn Nilsen, Carl Morten Iversen, Kari Svendsen, Jon Arne Corell, Steinar Ofsdal og Lars Klevstrand. Plata vart svært populær på 70- talet og mange som var unge/vaksne då, minnest nok det godt. I dag 1.mai 40 år etter framfører dei same artistane på nye desse tonesatte dikta. Rudolf Nilsen var journalist og lyrikarar med eit sterkt politisk engasjement på venstresida. Det meste av det han skreiv hadde ein politisk brodd, noko er framleis svært aktuelt som diktet om barnearbeidarar , " En vise om kinabarna"
Hans hylningsdikt til Sovjet Unionen er derimot forlengst utdatert, heldigvis.
Men Rudolf Nilsen skreiv og vakre kjærleiksdikt, " Jeg hadde tenkt" er eit av dei, det er med på plata frå 1973 og vart ein av dei mest populære songane den gongen. Det er og eit av dei vakraste kjærleiksdikt i norsk litteratur!
"Jeg hadde sett dig lenge, der du kom
for alltid vet jeg det, når du er nær -
og hadde tenkt å hilse lett og koldt,
fordi jeg ennu har dig altfor kjær.
Slik vilde jeg forsvare mig med kulde
og også verge dig på samme vis,
så alle våre nye drømme skulde
som sene blomster visne inn i is.
Jeg hadde tenkt..... Men da du stanset
med det hemmelige gode blikk
og dette fjerne smil, jeg vet så meget om -
da skjønte jeg at planen ikke gikk.
Jeg tok din hånd og følte fra dens flate
et varsomt strøk, det lille kjærtegn, vi
bestandig brukte i en folksom gate
dengang da ennu intet var forbi."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar