fredag 29. mars 2013

Clervaux påske 1978

Langfredag 2013.

"Jordens konger reiser seg, fyrstene samles til råd mot Herren og mot hans Salvede"
Slik lyder den første antifonen til dagens første tidebøn for langfredag som  i dag lydde i klostersamfunn verda rundt. Slik lydde det og ein tidleg langfredag morgen i mars 1978 då vi hadde sett oss ned i kyrkja etter å ha gått i tussmørkret frå gjestehuset til benediktinarmunkane i Clervaux. Enkelte opplevingar gjer sterkare inntrykk enn andre særleg dei ein møter i ungdommen, slik og med denne påskeveka i Abbaye St.Maurice de Clervaux. Å følgja rytmen i klosteret, ikkje minst  tidebønene som eg langt seinare skulle bli så kjent med, gjorde noko med oss den gongen. Vi møtte og påskeliturgien for første gong, og særleg feiringa av langfredag og påskenatt gjorde sterkt inntrykk. Små detaljar brente seg fast som haldepunkt ein kunne gripa etter seinare ! I dag etter å ha delteke i langfredagsfeiringa kjem alt dette tilbake.
Clervaux er ein liten by nord i Luxembourg, her vart det utkjempa harde kampar under Ardennerslaget på slutten av 1944.Men i dag er alt fredeleg der klosteret ligg på ein åskamm høgt over byen, kyrkjetårnet kan ein sjå frå langt borte og likeins kan ein høyra klokkene slik forfattaren Paul Claudel har skildra i eit dikt om påske i Clervaux.
Dette er ikkje eit middelalderkloster, det vart grunnlagt av franske bendiktinarmunkar i 1910. Det er framleis eit levande klostersamfunn som tek i mot gjester som ønskjer å falla til ro og la seg inspirera av liturgien og kanskje av den vakre naturen her i Ardennerskogen slik vi gjorde for lenge sidan.
Klostret har ei heimeside der ein kan få eit innblikk i benediktinarane sitt klosterliv. I 1978 var det noko som låg hinsides all fantasi, men framtida er sjeldan eit produkt av fantasi og førestellingar.

http://www.abbaye-clervaux.lu/fr/paques

Siste antifon til vesper lanfredag: " Da vi ennå var Guds fiender, ble vi forsonet med ham ved hans Sønns død."


Klokketårnet på Abbaye St. Maurice de Clervaux.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar