fredag 15. mars 2013

"Åpning mot det hellige"

"Åpning mot det hellige. Gyldne glimt fra Nederlandenes renessanse" er tittelen på Nasjonalgalleriets eksklusive utstillinga av religiøs kunst frå 1400-1500 talet som opna i forige månad. Det som i dag utgjer Benelux landa var på den tida ein del av det mektige burgundiske riket,både kulturelt og økonomisk var det ei blømingstid. Jan van Eyck er kanskje det mest kjente navnet frå denne tida, andre sentrale kunstnarar var  Jan Provoost, Roger van der Weyden og Gerard David. Utstillinga presenterar eit mindre utval av bilete med motiv frå bibelhistorie og helgenbiografiar med klart størst vekt på Jomfru Maria på denne tida fekk ein meir sentral plass i det personlege fromhetslivet.
1400-1500 talet var ein periode der både malerteknikk og tematikk utvikla seg. Ein byrja å bruke olje som bindemiddel for fargane og det gjorde til at ein kunne framstilla bilete med ein mykje større detaljrikdom og fargenyanse. Seinmiddelalderens motivvalg vart ført vidare i eit nytt og meir realistisk biletspråk der dei bibelske figurane ofte vart framstilt i samtidas kontekst. Det personlege fromhetslivet og religiøs praksis i heimen vart i større grad vektlagt , og det vart ein marknad for religiøse bilete som kunne nyttast som utgangspunkt for bøn og meditasjon. Ikkje minst stod bileta av Maria sentralt, Maria som får engelens bodskap, Maria  med barnet, Maria ved korset og Maria som himmeldronning. Parallelt møter vi dette i musikken, Magnifikat, Salve Regina og Stabat Mater vart det sett tone til. Desse motiva møter vi i utstillinga, men Maria med barnet, Maria som Jesu mor er det som er mest vektlagt. Det finasste dømet på dette og det mest sentrale kunstverket på utstillinga er Jan van Eycks "Madonna ved fontenen" frå 1439. Eit lite bilete, metta med symbolikk , som innbyd til fordjupning og meditasjon over inkarnasjonens mysterium.
Vel verdt å få med seg og gå oppløfta vidare frå!


Jan van Eyck: "Madonna ved fontenen."


Mesteren for Magdalena legenden: " Den hellige familie."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar