lørdag 16. mars 2013

Emma Kirkby:Sacred cantatas

Sopranen Emma Kirkby  framfører kantater av Handel akkompangert av London Baroque. Emma Kirkby har i fleire tiår vore ein sentral formidlar av tidleg musikk.Ho har eit stort repertoar med mange plateinnspelingar. Denne innspelinga er frå 1999 og innleiar med Salve Regina, avslutninga er Laudate pueri, salme 113(112). Handel skreiv Laudate pueri i Halle, sannsynlegvis i slutten av tenåra,
og den står ikkje tilbake for mykje anna han skreiv. Emma Kirkby gjer musikken levande og tilgjengeleg for oss meir enn tre hundre år seinare. Det er ein lovsong som passar i dag mot slutten av fasttida, eit par dagar etter valet av pave Frans, og ei veke før palmesøndag innleiar påskefesten ! Fastetida er og ei tid for det vakre og for lovprisinga !





1 [Alleluja]1 Laudate, pueri, Dominum; laudate nomen Domini.
2 Sit nomen Domini benedictum ex hoc nunc et usque in sæculum.
3 A solis ortu usque ad occasum laudabile nomen Domini.
4 Excelsus super omnes gentes Dominus, [et]2 super caelos gloria eius.
5 Quis sicut Dominus Deus noster, qui in altis habitat,
6 Et humilia respicit in caelo et in terra?
7 Suscitans a terra inopem, et de stercore erigens pauperem :
8 Ut collocet eum cum principibus, cum principibus populi sui.
9 Qui habitare facit sterilem in domo, matrem filiorum lætantem.

Halleluja!
Syng lovsong, Herrens tenarar,
lovsyng Herrens namn!
Lova vera Herrens namn
frå no og til evig tid !
Frå solrenning til soleglad
skal Herrens namn vera lova.

Opphøgd er Herren over alle folkeslag
over himmelen er hans herlegdom
Kven er som Herren vår Gud,
han som troner i det høge,
som ser ned i det djupe
i himmelen og på jorda ?

Han reiser dei ringe or støvet
lyfter dei fattige or oska
og sessar dei saman med stormenn
med hovdingane i sitt folk.
Barnlaus kvinne let han bu i huset
som lukkeleg mor til ein barneflokk.
Halleluja!









http://www.youtube.com/watch?v=zsH0E2rTqcQ

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar