fredag 29. mars 2013

"Ditt folk er mitt folk". Bulgarias jødar

"Der du går vil eg gå, og der du bur vil eg bu. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud." (Rut 1.16)
Byen Plovdiv i Bulgaria 09.mars 1943. Mellom 1500 og 1600 jødar frå byen er lasta ombord i jernbanevogner klare for depotasjon til utryddingsleirane i Polen. Biskopen av Plovdiv metropolitt Kirill  troppar opp saman med mange menighetmedlemmer, dei pressar seg mot SS soldatane som vaktar vognene og forlangar at jødane blir sett fri. I følge vitne skal biskop ha brukt sitatet frå Ruts bok som er gjeve att ovanfor.  Då nazistane nektar å sleppa han fram, truar han med å legga seg ned på jernbanelinja.Ryktet om deportasjonen spreidde seg raskt og massivt press blei lagt på styresmaktene for å frigje jødane. Mirakuløst nok vart det også tilfelle, jødane vart frigjven og kunne dra heim. Nye forsøk på deportasjon vart møtt med folkeleg og kyrkjeleg motstand og enden på visa var at alle dei 48 000 bulgarske jødane overlevde krigen, sjølv om over 10 000 i nærliggjande Makedonia og Trakia vart deportert.
Ein viktig pådrivar for å redda jødane var  Stefanus, erkebiskop i Sofia og overhovud for den ortodokse kyrkja i Bulgaria. Han tala uredd mot forfølging og deportasjon. " Du skal ikke forfølge noen, så du ikke selv blir forfulgt. Det mål du måler opp for andre, vil du selvbli målt etter." skal han ha skreve til kong Boris.
Bulgaria var i allianse med Nazi-Tyskland frå 1940 og innførte antisemittiske lover same året. I 1943 forlanga Tyskland at alle bulgarske jødar skulle depoterast. Ved sida av Danmark var Bulgaria det einaste landet i Europa der fleirtalet av jødane vart redda takka vera massiv folkeleg motstand mot forfølgjingane.Dette var lenge ei ukjent historie som kommunist regimet la lokk over av ulike grunnar. Første etter kommunismens fall i 1991 vart det kjent korleis det bulgarske folket redda jødane. Erkebiskop Stefanus som døydde i 1957 og biskop Kirill som døydde i 1971 vart i 2003 begge heidra som "Rettferdige blant nasjonene", det jødiske minnesmerket Vad Vashem i Jerusalem.
Kanskje er ikkje Bulgaria eit land ein skulle forventa dette av, dei fleste har eit inntrykk av eit mangeårig beinhardt diktatur og der det ikkje vart så mykje betre etter kommunismen fall. Bulgaria har hatt mange minoritetsgrupper som til dels har levd fredeleg saman, men det har og blitt utført grove overgrep særleg mot den tyrkiske minoriteten.  Men kanhende understrekar  det bare det som eg ser som esssensen i dette dramaet: vi står som einskild menneske overfor eit valg mellom det gode og vonde. Å stilla seg likegyldig til andres liding er i denne samanheng det same som å støtta det vonde. Stefanus og Kirill og mange andre bulgararar valde det gode, sikkert ikkje utan fare for eige liv og helse. I dag på langfredag 2013 blir det eit vitnesbyrd som inspirerar og gjev von for framtida.


Metropolitt Kirill

Minnesmerke i Jaffa over bulgarske menn og kvinner som hjelpte jødar under 2.verdskrigen 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar