fredag 15. mars 2013

Habemus papam: Frans 1.

"Brødre og søstre, god kveld!" slik innleia den nyvalde pave Frans 1 sin tale for folkemengda på Peters plassen. I stor respekt for sin forgjengar sa han så:" Aller først vil jeg formulere en bønn for vår emriterte biskop Benedikt XVI. La oss alle sammen be om at Herren vil  velsigne han og jomfru Maria våke over han." Vidare oppfordra pave Frans til evangelisering og søskenkjærleik mellom alle folk på jorda.
Det var ein audmjuk og uformell Herrens tjenar som talte til dei truande.
Kardinal Jorge Mario Bergoglio SJ var ikkje mellom dei mest omtalte kandidatane i  forkant av pavevalget, men det har vist seg at han var nær ved å verta vald i 2005 . Han er fødd i Buenos Aires i 1936 av italiensk far og argentinsk mor. Han gjekk inn i jesuittordenen og vart prestevia i 1962. I 1998 vart han erkebiskop av Buenos Aires og i 2001 vart han utnevnt til kardinal av pave Johannes Paul II.
Han blir rekna som teologisk konservativ men med eit sterkt sosialt engasjement. I Argentina har han vorte karakterisert som " dei fattiges kardinal", og pavevalet vart som rimeleg kan vera motteke med stor jubel i heimlandet. Karakteristisk er hans asketisk og enkle livsførsel, han har budd i ein enkel leilighet og heller teke bussen enn vorte kjørt i limousin. Typisk nok tok han etter pavevalet bussen saman med dei andre kardinalane og sette seg ikkje på den troneliknande pavestolen med på same nivå som resten av kardinalkollegiet. At han som den første tek pavenavnet Frans avspeglar nok hans asketiske ideal og solidaritet med dei fattige. Det er i såfall i tråd med Evangeliet slik Markus formulerar det (10.43): " Den som vil bli stor blant dykk, skal vera tenaren dykkar og den som vil vera først blant dykk, skal vera slave for alle."
Lat oss vona og be om at han vil leia Kyrkja på ein god måte i ei turbulent tid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar