søndag 17. mars 2013

Onkel Vanja

Anton Tsjekhov(1860-1904) drama "Onkel Vanja" går for tida på Nasjonalteateret i Liv Ullmanns regi. Russland er definitivt i mitt interesseområde, russisk kultur og historie generelt, russisk litteratur spesielt og Anton Tsjekhov aller mest spesielt. Novellene hans og dei fire sentrale skodespela, "Måken", "Tre søstre", "Kirsebærhagen" og "Onkel Vanja". Det siste hadde eg til no ikkje fått med meg og mine forventningar vart definitivt innfridd. Det vart ein stor kveld!
Anton Tsjekhov skreiv "Onkel Vanja"på slutten av 1890 talet, det vart første gong framført ved Moskva kunstnerteater i oktober 1899 i Konstatin Stanislavskijs regi. Stanislavskij spelte sjølv ein av hovudrollen legen Astrov, Tsjekhovs kone Olga Knipper hadde ei anna sentral rolle som Jelena.
Stykket foregår på eit gods ute i den russiske provinsen på same måte som fleire andre av Tsjekhovs drama, scenografien ved Milja Salovaara understreker dette på ein genial måte.Dører føl på dører innover scenen slik at ein får inntrykk av eit godshus med uttalige rom. Handlinga byrjar med at professor Serebrjakov spelt av Sverre Anker Ousdal flyttar tilbake til godset saman med si unge kone Jelena spelt av Anneke von der Lippe. Godset har til no blitt dreve av onkel Vanja og hans niese Sonja, spelt av Anders Baasmo Christiansen og Stine Mari Fyrileiv, dei har spinka og spart og knapt unna seg noko for å kunna underhalda professoren og hans vitenskap som knapt har blitt til noko som helst. Så dukkar også legen Astrov opp(Øystein Røger), han er desillusjonert og alkoholisert men er visjonær og med ei moderne tids syn på naturvern. I siste akt reiser professoren og kona frå godset og Vanja og Sonja sit igjen som før. I mellomtida har vi opplevd eit drama av brotne illusjonar, tapte voner, kjærleikssorg og liv som aldri vart til det dei var tenkt til. Tsjekhov hadde som lege innsikt i dei mange aspekt ved menneskelivet og han utnyttar det til fulle i sin kunst. Dette er ikkje bare livet til menneska i Russland for over hundre år sidan, det er også våre liv i dag. Men er det ikkje det som karakteriserar stor kunst som når utover det tidbunde og spesielle til det tidlause og universelle?
Livet er ofte som i "Onkel Vanja", vi får ikkje alltid det livet vi hadde tenkt og må leva med dei brotne illusjonane. Men vi kan ikkje byrja på nytt vi må leva livet her og no som Astrov uttrykkjer ein stad. Dette er eit drama om å akseptera og gjera det beste ut av livet slik det vart men det er og eit drama om å ha visjonar utover det slik som Astrov gjev uttrykk for. Og vi kan iallfall trøsta kvarandre slik Sonja gjer med sin onkel Vanja i sluttscenen:
"Hva skal vi gjøre ? Vi må leve ! Vi skal leve, onkel Vanja, en endeløs rekke dager og lange vinterkvelder, tålmodig skal vi bære de prøvelser som skjebnen sender oss, vi skal arbeide for andre hele livet uten ro og hvile."  Men til slutt er det likevel kvile for Sonja og Vanja.
"Vi skal få hvile! Vi skal høre englene, vi skal se himmelen oversådd med diamanter, og alt det vonde i verden, alle våre lidelser, skal oppslukes av en altomfattende barmhjertighet, og livet vårt skal bli stille og fredelig, mykt som et kjærtegn. Jeg tror, jeg tror...........Stakkars,stakkars onkel Vanja, du gråter.........Du har ikke kjent noen gleder i ditt liv, men vent, onkel Vanja, vent.....Vi skal få hvile............Vi skal få hvile! Vi skal få hvile!"






Frå Nasjonalteaterets oppsetjing av "Onkel Vanja."


Moskva kunstnerteaters oppsetjing av "Onkel Vanja" i 1899. Frå første akt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar