25. mai er minnedagen for Maria Magdalena de`Pazzi ( 1566-1607) . Ho var ein av dei store mystikarane i Karmelittordenen. Maria Magdalena de Pazzi var av ein floretinsk adelsfamilie, ho følte kall til klosterlivet og i 1583 vart ho novise i karmelittklosteret St. Maria degli Angeli i Firenze. Ho hadde heile livet ekstatiske visjonar, som er skildra i skriftene hennar. Maria Magdalena var inspirert av såvel Katerina av Siena som av Teresa av Avila. Ho vart kanonisert i 1669. Grava hennar er i klosteret der ho levde ,og det kan nevnast at Therese av Lisieux vitja klostret saman med faren etter at dei hadde vore til audiens hos paven der Therese hadde lagt fram si bøn om å få bli novise hos karmelittnonnene.
Klosteret St. Maria degli Angeli.
Antifon til Magnificat for denne dagen: Kom,Kristi brud, ta imot den krone som Kristus har beredt for deg fra all evighet av. Halleluja !
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar