søndag 6. mai 2012

The Lady

Aung San Suu Kyi vart nyleg teke i eid som medlem av Myanmars nasjonalforsamling . Militærdiktaturet  har letta på sin beinharde politikk overfor opposisjonen og tillete at Den nasjonale demokrati ligaen med Aung San Suu Kyi i spissen har fått stilla til valg.FN`s generalsekretær har vitja landet og det blir letta på det internasjonale samfunnet sin boikott av regimet.
Luc Bessons film "The Lady" som no går på norske kinoar blir dermed svært aktuell. Det er ein engelsk-fransk koproduksjon med Michelle Yeoh som Aung San Suu Kyi og David Thewlis som den  engelske mannen hennar Michael  Aris.  Yeoh , som lærte seg burmesisk for å framføra Suu Kyis talar så autentisk som mogleg, karakteriserar filmen  som " an incredible love story" mot ein bakgrunn av "political turmoil".
Det er ein film som vekslar mellom Suu Kyis politiske kamp mot militærdiktaturet og hennar private liv med
Oxford professoren Michael Aris og dei to sønene deira som nok mange minnes frå nobelsermonien i 1991.
Aung San Suu Kyi  er dotter til Aung San som i 1947 forhandla med Storbritania om Burmas sjøvstende, men kort tid etter vart myrda av sine motstandarar. I byrjinga av filmen møter vi også den toårige Suu Kyi på farens fang. Då ho etter mange år i utlandet vender tilbake til heimlandet i 1988 hadde ho nok ikkje tenkt seg eit politisk engasjement, ho kjem primært for å ta hand om den døyande mora. Gradvis blir ho som dotter av sin far, drege inn i den ikkje valdelege kampen mot militærdiktaturet. Det er ein kamp som krev store personlege offer, i årevis sit ho i husarrest skild frå familien. Då mannen i 1999 ligg døyande av kreft hindrar regimet dei i  å møtast for siste gong.
Inspirert av Mahatma Gandhis ikkje valdelege prinsipp har Aung San Suu Kyi med ekstrem personleg styrke og mot stått mot eit brutalt regime i tiår etter tiår. Kanskje ser det no ut til at kampen hennar fører fram!
Filmen  "The Lady" er viktig både som ei sterk skildring av ei av vår tids største kvinner og for di han er så dagsaktuell! Eit politisk drama, men og eit personleg drama med fokus på det vanskelege valget mellom
samfunnsengasjement og hensyn til sine næraste.
Eit høgdepunkt i filmen er nobelprisutdelinga i Oslo der sonen Kim framfører nobeltalen medan mora føl det på ein dårleg radio i heimlandet. Det gjer inntrykk.
Aungs San Suu Kyi er  vel etterkvart eit navn det er naturleg å nevna i same andedrag som Nelson Mandela, Vaclav Havel, Martin Luther King og Mahatma Gandhi.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar