mandag 4. juni 2012

Some die young

"Some die young" syng den  unge svensk-iranske artisten Laleh Pourkarim. Hos henne spring teksten ut av personlege erfaringar som det også gjer for alle offera frå Utøya.Dei  fortel om sine vener som fekk ein så tidleg og meiningslaus død. Men det er ikkje alltid slik, av og til går det bra. Dette er ei skildring av akkurat det, det unge mennesket som vender tilbake frå skuggelandet takka vera handlekraft frå dei som stod rundt og eit høgteknologisk helsevesen. Det å venda tilbake til livet frå ein medvitslaus og livstrugande tilstand har eg alltid sett for meg som det å sømje frå djupet og opp mot overflata der solstrålene kan skimtast gjennom vassflata. Brått er ein opp i lufta og ljoset. Men kanskje er det og på same måten om ein ikkje vender tilbake, når ein heller søm den andre vegen inn i eit mykje større og sterkare ljos ?



                                Tilbake.
          Brått utan varsel
             ingen ord ingen teikn
             før handa frå skuggelandet
             greip hardt om livstråden
             og klemte til tida vart kasta
             inn i kaos og uvisse
             grensa mellom her
             og den andre sida  
             skjelvande inntil det brest
             og døra vert lukka for godt
             men andre hender  dukka opp
             noko bar gjennom skuggelandet
             små ljosstreif ovanfrå viste veg
             du kunne løftast oppover
             og så med langsame sømjetak
             frå djupet mot overflata
             langt der opp ventande og solgylt
             inntil vassflata blir broten
             forvirra og gispande    
             men enno ser du ikkje augene rundt deg
             lysande som tusen stjerner.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar