tirsdag 15. mai 2012

Poetica:Når ein ven døyr (Alles mit Gott)

http://www.youtube.com/watch?v=-hxfQXqgJ0w
Juni 2005  dukkar det opp ein til då ukjent kantate av Johan Sebastian  Bach ( 1685-1750).  Det er gått  255 år sidan komponisten døydde og oppdagaren Michael Maul ser snart at dette er ein sensasjon. Eit par månadar seinare blir kantaten spelt inn av Monteverdi koret og "The English Baroques Soloists" under leiinga av John Eliot Gardiner.
Kantaten består av 12 såkalla stanzas eller vers som alle tek til med ." Alles mit Gott und nichts ohn` ihn" (Alt med Gud og ingenting utan Han). Teksten er av Johann Anton Mylius og vart skreve  til Grev Wilhelm Ernst av Saxe-Weimar på 52 års dagen hans.
Oppglødd kjøper eg fleire eksemplar av plata med tanke på framtidige gåver. Dette er stort !
Det er mai 2006, ein solfylt vestlandsdag ved sjøen. Vi går ikkje så fort, min følgjesven har alt lenge bore på det som tre månadar skal gjera slutt på det jordiske livet hans. Bare så altfor tidleg. Før eg dreg om kvelden får han den nyoppdaga Bach kantaten av meg. Det blir og ei symbolmetta handling. Om hausten dette året skriv eg så denne teksten:

Når ein ven døyr


Alt er som før når dagen opnar seg
mot gatenes mållause travelhet
mot solljoset og drivande skyer
i mjuk seinsommar dag
og likevel ikkje som før
noko er stroke ut
varsamt som av ei mykje større hand
andedraga som gjekk så jamnt
så meir uregelbunde
til sist knapt merkbare
som ljos vi bles ut seint ein kveld.

Utan å veta det
tenner eg ljos same augneblinken
først fleire dagar seinare
skal det nå inn til meg
då er ljosa alt lenge brent ned
i mjuk sand framom Marias vakande blikk
så kan eg snu meg mot den andre sida
bileta og takksemda er der
inga hand skal stryka dei ut
ikkje no og heller ikkje når
kvelden lukkar seg for siste gong.

Det siste bilete
di takksemd for musikken
"Alles mit Gott und nichts ohn` ihn"
Bach kantaten som kvilte i nesten trehundre år
før vi fekk ta imot
levande no og for alltid.





Maria alteret i St. Paul kyrkje. Her tenner eg ljos den søndagen han døyr. Det andre verset viser til denne erfaringa av å vera til stades i dødstimen saman med henne som alltid lyttar til våre forbøner for andre.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar