torsdag 20. oktober 2011

Poetica:Til Marina

                               Marina
Åleine borte åleine heime
berre dikta er venene dine
fødde i natt
flyg dei som kvite fuglar
løftar seg mot horisonten
fortset utover havet
for så å kvila på bølgene ei stund
vengene slegne saman
djupet under, einsemda over.
Marina, kven føl deg no
når kjem tida for dikta dine
slengd i støvet i magasina
Marina, raud blant dei kvite
kvit blant dei raude
men songane dine som årgangsvin
ein smak av edle dråpar
av jord og lys
ein smak av luft og skog og bord
og altfor tidleg natt.

(Marina Tsvetajeva 1892-1941)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar