torsdag 20. oktober 2011

Das Lied in mir

Filmen " Das Lied in mir" som på norsk har fått tittelen "Sangen i mitt hjerte" er eit tysk-argentinsk samarbeidsprosjekt . Det er debutarbeidet til den 32 årige regissøren Florian Cossen. Det er ein film som gjer sterkt inntrykk og manar til ettertanke.
Tyske Maria er på veg til sømjestevne i Chile og mellomlandar i Buenos Aires.Medan ho ventar vert ho sitjande ved sida av ei ung mor som syng for barnet sitt, ein voggesong som Maria på ein underlege måte kjenner igjen og syng med i sjølv ho ikkje kan spansk og tilsynelatande aldri har vore i Argentina. Ho blir emosjonelt sett ut og kjem for seint til flyet vidare. Ho vel å dra inn til Buenos Aires og ta inn på eit hotell, der  ringer ho faren i Tyskland som dagen etter uventa dukkar opp på hotellet. Det er noko han og den avdøde mora har halde løynd for dattera. Dei eigentlege foreldra hennar vart borte under militærdiktaturet på syttitalet og Maria vart teke med til Tyskland og adoptert. Det vert eit opprivande oppgjer med faren som har fortia mykje for henne avdi han trudde det var best. Maria leiter etter sine argentinske slektningar og finn dei, det blir eit varmt møte men og eit møte som riv opp gamle sår. Kva hende eigentleg med den treårige Maria etter at foreldra vart bortført av militærregimet ? Kva rolle spelte adoptiv foreldra i forhold til regimet? Dette er dagsaktuelle spørsmål for mange i Latin-Amerika.
" Das Lied in mir" er ein film med svært mange plan. Kva er minne og kva kan vi eigentleg erindra frå tidleg barndom? Kva  er identitet, kva rolle spelar biologi og kultur  for at vi blir den vi er ?  Familierelasjonar og løgn ?  Brotsverk på det personlege planet og på det politiske ! Tidlegare overgrep under dikaturstyre som ligg som åpne sår i mange samfunn. Rettsoppgjer og forsoning ? Florian Cossens film åpnar for refleksjon omkring alt dette og sånn sett er dette ein av dei beste og viktigaste filmane i år.


Jessica Schwartz som Maria og Michael Gwisdek som adoptivfaren på hotellet i Buenos Aires.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar