Tida mellom to regnbyger.
Som tida mellom to regnbyger
eit kort glimt av sol
når du spring over plassen
trø varleg, ikkje gli no
døra bak deg slått hastig igjen
du gløymer å vri rundt nøkkelen
ivrig etter å nå den andre sida tørrskodd
det sprutar søle og brune haustlauv
når du tek sats og hoppar over vasspyttane
utan å nå den neste skiferhella med foten
det er bare dei få trappetrinna opp
døra står halvvegs på gløtt
er det nokon der ?
nokon som skunda seg like før deg
hengslene som knirkar når du skyv
mot den rustne dørklinka
så vindkasta i tuntreet
solstripene som skifter med regn
og du tenkjer letta:
er eg framme no ?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar