søndag 16. oktober 2011

Norske fjell

                                                         Norske fjell
                           
                                                Fjell, kva vil de eg skal skjøne:
                                                syng de ein salme, driv de blasfemi,
                                                de ser dykk sjølv i kalde sjøar,
                                                kva held de på med, bøn eller magi ?

                                                Med skriket til eit spottande uhyre,
                                                som Satan sjølv på hesten sin av eld
                                                let Peer Gynt den ville reinen styre
                                                der ingen kjem, der stupet brattast fell.

                                                Og ervingen som jorda ikkje kjenner,
                                                den einaste som trur til siste slutt,
                                                var det ikkje her Brand, utan venner,
                                                sa skaparnamnet, løyste skredet ut ?

                                                Men her ligg evig snø, og isen står
                                                som beger av safir, ein blåna skatt !
                                                Ho skremmer, er ei jord som liknar vår,
                                                men føder aldri, korkje dag hell natt.

                                                Desse andlet, ujordiske, drøymer
                                                med snø til hår og auga inn mot Hel.
                                                Frå kjaker gravne ut av stormar fløymer
                                                som gråe skjegget fossen i sitt gjel.


 Diktet "Norske fjell" av den russiske poeten Nikolaj Gumiljov(1886-1921) er omsett av Jo Eggen som har gjort mykje for at norske lesarar skal få innsikt i russisk litteratur.
Gumiljov reiste under første verdskrigen til London via Norge. Diktet avspeglar korleis han vart inspirert både av norsk litteratur og natur.
Nikolaj Gumiljov var ein sentral representant for den litterære retninga som vart kalla "akmeismen( bløming, høgdepunkt). Ein annan "akmeist" var poeten Anna Akmatova som var gift med Gumiljov ein periode. Akmeismen kom til å få stor innverknad på seinare russisk litteratur.
Nikolaj Gumiljov var av adelig slekt, han var eit utovervendt handlingsmenneske som reiste mykje mellom anna i Afrika . Han var antibolsjevik, noko han gav klart uttrykk for. Det førte til at han vart arrestert og henretta av boksjevikane i 1921.


Nikolaj Gumiljov, Anna Akmatova og sonen deira Lev.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar