Møte
Vi kjørte langs frosne marker, tidlig.
En solrød vinge løftet seg av mørket.
Plutselig sprang en hare over veien
og en av oss slo ut med hånden.
For lenge siden. I dag lever
hverken haren eller han som pekte.
Elskede, hvor er de, hvor ble de av-
håndbevegelsen, harens hopp og gruset under den.
Jeg spør ikke av savn. jeg undres.
Czeslaw Milosz har skreve dette vesle diktet som er omsette til norsk av Paal Brekke. Milosz vart fødd i Lithauen i 1911, men levde det meste av livet i Frankrike og California. Sist som professor i slavisk litteratur ved University of California, Berkeley. Han fekk nobelprisen i 1980. Czeslaw Milosz kretsar ofte om metafysiske og historiefilosofiske tema i diktinga si. Dette vesle diktet illustrerar litt av tematikken hans. Det er ei stor einsemd og ei stor undring i det, kanskje også ei enno større lengting sjølv om han nektar for det i den siste linja. Men det kan vera at undring og lengting kjem ut på eit og det same ?
torsdag 29. desember 2011
onsdag 28. desember 2011
Poetica:Now,O Now I Needs Must Part
Fråveret er stille
som frostrøyken over Øresund
tidleg vintermorgon
John Dowland går åleine
gjennom aude salar
tungsinnet strauk bort svevnen
så altfor brått
eller var det ein strofe
som kjempa seg opp frå draumen
for så å stryka over det iskalde golvet
mot lutten som ligg på bordet
over mot det nordre hjørnet
fingrane glir varsamt over strengane
forsiktig no noko lever her
lever vidare i mørke avstand og kjærleik
det som er meir enn eit hjarta kan eiga
now, o now I needs must part
John Dowland( 1563-1626) var frå 1598 ved hoffet til Kristian 4 i København. Få har som han skildra melankolien, sorga og lengtinga i dette tilværet. Andreas Scholl har ei flott framføring av
"Now, O Now I Needs Must Part" http://www.youtube.com/watch?v=ezh1dxnwMWQ
"Now, O Now I needs must part. Parting though I absent mourn.While I live I needs must love. Love gives not when hope is gone. Absence can no joy impart. Joy once fled can not return. Now at last despair doth prove."

tirsdag 27. desember 2011
Advent i Rosendal
Julestemning Baroniet i Rosendal
Rosendal frå Skålafjellet. Adventstemning, men så kom regn og mildver til jul.
Myrdal og Gygrastol i bakgrunnen

Rorate Coeli
Rorate Coeli desuper et nubes pluant justum.
" Lat det drypa ovanfrå, du himmel ! Rettferd skal strøyma frå skyene. Jorda skal opna seg, gje frelse som frukt og la rettferd spira. Eg, Herren skaper dette." (Jesasja 45.8 .Omsetjinga frå 2011)
Det er grytidleg, mørk og regnvåt desembermorgon. Kyrkjerommet berre opplyst med levande lys. Vi syng Rorate Coeli med utgongspunkt i Jesaja 45 kapittel, og knyter oss med det til ein århundrelang adventstradisjon.
torsdag 15. desember 2011
Johannes av Korset
14. desember er minnedagen for Johannes av Korset (San Juan de la Cruz)
Johannes levde i Spania frå 1542-1591. Han var prest, munk i karmelittordenen, poet og mystikarar. Han vart helgenkåra i 1726 og to hundre år seinare vart han utnemnd til kyrkjelærar av pave Pius XI. Johannes er skytshelgen for mellom anna spanske forfattarar. Ikkje så unaturleg, han var sjølv ein av dei storei spansk litteratur. Men det er som reformator av karmelittordenen og som vegleiar på den indre bønas vanskelege veg han framom noko har sett spor etter seg. Johannes skrifter er for ein stor del kommentarar og forklaring
til hans poesi som i symbolmetta språk handlar om sjelas veg til Gud.
" Ei natt før mørkre vende,
då elskaren ikkje ville vika frå meg,
- å lykkelege hende ! -
då inkje vondt fekk nå meg,
og huset sov , og ingen kunne sjå meg,
ei løyntrapp vel eg kjende,
og smaug meg ut med tryllehetta på meg,
-å lykkelege hende,
då fritt eg kunne rå meg,
med huset sov, og ingen kunne sjå meg !
Eg sveiv i mørkret inne,
for langs min løynstig ingen på meg vørde,
og sjølv eg steig i blinde,
og inkje lys meg førde,
anna enn det mitt heite hjarta nørde.
------------------------
Bort veikna alt eg ville,
og med mitt andlet eg hans andlet gøymde,
og alle ting vart stille,
og bort meg sjølv eg drøymde,
og mellom liljer all mi sorg eg gøymde."
(Sigmund Skard si omsetjing)
Salvador Dalis bilete " Johannes av Korsets Kristus"

Ei rose er utsprungen
Michael Praetorius` julenatt.
Ha takk for mørkret
som favnar oss alle no
utan det ville ljosa som vert tent
berre vore ein bleik avglans
av solgylte seinsommardagar.
Ha takk for kulden
som ikkje synest å sleppa taket
når den først har grepe oss
uten den ville varmen frå heimkoma
berre vore som eit lite bål i skogkanten
Ha takk for rosa
som sprang ut i snødrevet
utan den ville vona
berre vore som minne frå draumen
kasta inn på morgonstranda
Ha takk for barnet
som vart oss gjeven
”Mitten im kalten Winter,
Wohl zu der halben Nacht“
utan det ville nåden
aldri tøygd seg mot oss
tolmodig ventande.
Michael Praetorius 1571 – 1621 :
”Es ist ein Ros entsprungen”
søndag 11. desember 2011
Den stumme
"Båten er ikkje lenger i naustet
Han er ute på vatnet ein stad
Han går langs strender
og passerar bratte berg
Snart er han langt ute på fjorden
Båten arbeider med tida
deler henne opp til stunder
som ikkje heng saman
Restar av bølgjer kjem
til folketome bukter
Ein dag skurer kjølen
mot land på den andre sida"
Diktet om båten innleiar andre del av diktsamlinga " Den stumme" av Lars Amund Vaage som kom ut tidlegare i år. Lars Amund Vaager er frå Sunde i Kvinnherad, han debuterte i 1979 med romanen "Øvelse kald vinter" og har seinare gjeve ut både romanar, noveller, diktsamlingar og skodespel.
Årets diktsamling er inndelt i to bolkar, den første med tittelen "Den stumme", den siste med undertittelen
"Songar om døden og kjærleiken". Diktet om båten er henta frå denne siste delene med dikt prege av meir djupe eksistensielle tema. Dikta i den første delen rører seg i dimensjonen mellom det tause, ordlause arbeidet og det ordrike språket. Bileta som blir brukt er frå det praktiske arbeidet på eit gardbruk dreve på den gamle måten der "Arbeidet kom før ordet/ Arbeidet var ordet." "Den stumme " formidlar sin kunnskap ikkje med ord men ved å visa i praksis korleis ein skal gjera det. Notid og fortid møtes i vare bilete frå ein tid som ikkje er , frå ein barndom lang tilbake men som ber med seg desse ordlause bileta.
Som i dette diktet frå ei sanseleg og nær barndomsoppleving.
"Ho sat ved bakstebordet som sveva bort
Ho førte kjevlet over kakehimmelen
Bakstebordet stod i røyken av mjøl
og veden som brann i gruva
Eg kom inn i den låge, grå kjellaren
stod ei tid før eg visste
at eg kunne springa
etter meir ved
det var oppgåva eg hadde fått
av henne som sat
med varmen på den eine sida
og kulden på den andre
Eg henta den fine veden
i skjulet
Sprang over tunet
med den friske lufta i lungene
og smaken av nysteikt kake i munnen
sprang og sprang til ein hemmeleg stad"

torsdag 8. desember 2011
Conceptione Immaculata
I dag 8. desember feirar vi festen " In conceptione Immaculata Beatae Mariae Virginis"(Jomfru Marias uplettede unnfangelse)
Antifon til Magnificat: Fra nå av skal alle slekter prise meg salig. Store ting har han gjort mot meg, han den mektige.
Theotokos Panachranta. Ikon frå 1100 talet.
Frå Matutin andre lesning. Bøn av den heilga Anselm ,erkebiskop av Canterbury: Gud er altså far til alt som er skapt, og Maria er mor til alt som er gjenskapt. Gud er faderen og alt er blitt til ved ham, Maria er mor til alt som er gjenreist. For Gud gav liv til Sønnen, og ved Sønnen er alt blitt skapt. Maria fødte Sønnen, og ved
ham er alt blitt frelst. Gud gav liv til Sønnen, og absolutt intet er godt uten ved Sønnen. Maria fødte Sønnen, og absolutt intet er godt uten ved Sønnen. Ja, Herren er i sannhet med deg, for Herren gav deg en slik gave at hele naturen skylder å takke deg, deg og ham."

onsdag 30. november 2011
Poetica:Vinternatt
Vinternatt
Vinternatt stjernepryda og kald
utspent mellom skumring og morgongry
mellom mismots gru og håpets mysterium
Inn i denne natta er det du ber ditt ja
gøymd så lenge i einsemd og tru
bore fram av nåde og lydnad
I denne natta vert svaret gjeve deg
ikkje som bilete av noko på den andre sida av havet
ikkje som ord om verda bak horisonten
Men som det livgjevande lyset
som eit nyfødd barn hjelpelaust og nake
la det skje meg som du har sagt.
(Advent 2008)
fredag 25. november 2011
Niels Steensen
I dag 25. november er minnedagen for den salige Niels Steensen(1638-1686)
Frå hans innleiingsforelesning i anatomi ,København 1673: "Skjønt er det vi ser, skjønnere er det vi erkjenner, men skjønnest er det vi ikke fatter. La oss defor ikke bli stående ved sansenes vitnesbyrd, men løfte vårt indre blikk gjennom våre legemlige øyne, som om de var vinduer i et herlig palass, omgitt av de vakreste landskap. La oss se hvilke omgivelser, hvilke blomster, hvilke bestanddeler og underverk som der finnes. . . . .
Anatomien kan derfor ikke ta æren hverken for oppdagelser eller bevis. Forskeren er bare Guds verktøy. Gud nøyer seg ikke med å betrakte sitt verk, det er han selv som utfører verket."
23.oktober 1988 vart Niels Steensen eller Nicolaus Stenonis som han kalla seg, saligkåra av pave Johannes Paul som den første skandinav etter reformasjonen.Så vel krater på månen og Mars som det danske senteret for diabetes forskning er oppkalla etter han . Kven var så denne mannen som gjorde seg gjeldande på så mange område og som kyrkja minnes i dag på dødsdagen hans 25. november ?
Niels Steensen vart fødd i København i 1638 som son av ein protestantisk gullsmed. Han viste seg tidleg svært evnerik, studerte medisin og tileigna seg dessutan mange språk flytande. Det siste kom ikkje minst til nytte i hans omflakkande liv mellom 1600 talets sentrale, europeiske lærestadar. Niels Steensen vart ein av si tids store vitskapsmenn med banebrytande oppdagingar ikkje berre innan anatomi og medisinen, men også i geologi, paleontologi og krystallografi.Mellom anna kartla han kroppens kjertlar, hjernen og hjertets anatomi og han forstod at fossilar er restar etter levande organismar. Hans kompromisslause søking etter sanninga førte han frå vitskapen til religionen. I 1666 var han i Livorno og vart der vitne til prosesjonen på Kristi lekamsfest. For Steensen vart det klart at enten var dei som bøygde seg og æra sakramentet dårer eller så var dette Sanninga. Han valde Sanninga og vart teken opp i Kyrkja året etter. Dermed var kursen også lagt for ein geistleg karriere. Han vart prestevia i 1675 og seinare utnemnd til biskop i Nord-Tyskland. Han fekk ry på seg som ein from og oppofrande man , men endte sine dagar i stor fattigdom i Schwerin. Storhertugen i Firenze, der han lenge hadde opphalde seg og der han og var prestevia, hadde ikkje gløymt han. Kista vart ført til Medici familien gravplass i San Lorenzo katedralen der han framleis ligg.
Niels Steensen er ein brubyggjar mellom tru og tanke, mellom vitskap og kristendom både i sine skifter og sine handlingar. Sånn sett er han ein viktig inspirator ikkje minst for katolikkar som arbeider i vitskap og helseteneste.

torsdag 24. november 2011
Santa Cecilia
22. november er minnedagen for Den heilage Cecilia av Roma som levde ca 200-230.
Ho er skytshelgen for kyrkjemusikken, for musikere,sangere og diktere, dessuten instrumentmakere og orgelbyggere.
Historisk er det lite ein veit om henne bortsett frå at ho fekk bygd ei kyrkje i bydelen Trastevere i Roma og at ho vart gravlagt på ein ærefull måte på Callistus kyrkjegarden. Legenden fortel at ho var av ein viktig romersk adelsfamilie, lova evig jomfrudom, tok seg av dei forfølgde kristne og døydde sjølv som martyr.
Iflg. tradisjonen vart ho flytta frå den opprinnelig gravstaden til kyrkja Santa Cecilia in Trastavere på 800 talet. Ho vart feira som helgen alt på 500 talet , og frå 1500 talet vart ho rekna som vernehelgen for musikarar. Ei rekkje komponistar har skreve musikk verk til henne, mest kjent er Henry Purcells " Hail bright
Cecilia". Mange biletkunstnarar har også framstilt Cecilia, hennar attributtar var eit orgel, ein lutt eller ei rose. I tidebønene er dagen markert med eigne antifoner til laudes og vesper.
Stefano Madernos marmorskulptur av St.Cecilia frå 1600 i Santa Cecilia in Trastavere i Roma.
Antifon til Magnificat denne dagen: "Cecilia bar alltid Kristi Evangelium i sitt hjerte: Dag og natt holdt hun ikke opp med å be og tale med Gud."

søndag 20. november 2011
Norge 1315
"Reisefører for Norge. Det Herrens år 1315" er tittelen på teolog og idehistorikar Karl Gervins siste bok.
Han har tidlegare gjev ut bøker i samme genre såvel om reformasjonen i Norge som Cisterncienser ordenens historie. Alle absolutt lesverdige.
Denne boka er utforma som ei guidebok for ein reisande til Norge på byrjinga av 1300 tallet, ein orginal og spennande vri på ei historiebok. Dette var norsk høgmellomalder, Svartdauden og nedgongstidenen låg enno fleire tiår fram i tida. Håkon 5 hadde vore konge i 16 år og samla det meste av makta i sine hender, hovudstaden hadde han året før flytta frå Bjørgvin til Oslo, Akershus festning var under bygging. Kyrkja stod sterkt i Norge, både organisatorisk og i folks medvit. Kanskje er det ein av dei største skilnadane frå vår tid, religionen var tilstades alltid og overalt såvel i den offisielle liturgiske feiringa som i det enkelte menneskes daglege handlemåtar. Kyrkjene låg tett og dominerte bybilete iallfall i Oslo, Bjørgvin og Nidaros.
Gervin legg orda i munnen til ein kannik, ein domkyrkjeprest,kanskje naturleg i og med at sjølv i mange år har vore knytta til domkyrkja i Oslo. Kanniken gjev råd om reisemåte, innkvartering, mat og drikke, prisnivået i Norge, kva ein bør sjå og kva ein bør passa seg for.Reisa startar i Oslo og føl kysten heilt opp til det høge nord. Det var ikkje så lett å reisa i 1315 og dei fleste heldt seg nok på heimplassen heile livet, men mange var likevel på reise, ikkje minst kyrkjas folk.
Middelalderen sluttar aldri å fascinera.Spennande er det å sjå at Norge ikkje var nokon avkrok i verda, men eit velorganisert samfunn med tett kontakt med det øvrige Europa. Latin var fellesspråket og mange norske prestar var det som hadde studert teologi i Paris.
Dei daglegdagse problema var heller ikkje alltid så ulike frå vår tid, som til dømes bråk når skjenkestovene stengte for natta. Då sa bylova at vektaren skulle tala dei berusa til rettes og sørga for at dei kom seg heim.Dersom dei var så berusa at dei ikkje kunne gjera greie for seg skulle den som budde nærast ta dei inn i huset til dei hadde sove rusen ut !
Karls Gervin er ein kunnskapsrik og engasjerande formidlar av vår felles fortid vel verdt å lytta til.

onsdag 16. november 2011
Poetica:Haustbøn
Haustbøn.
Mørkret er så nær oss
det er som det budde inst inne i oss
som om det kom derifrå
strøymande ut av djup
vi aldri skulle kunna kjenna
Mørkret fylt av regn
blanda uløyseleg i dette gjennomvåte
døden som eit anna ord
uforståeleg, lik ei fjern mumling
så - ei hand som stryk
varleg over den dogga ruta
eit ømt teikn
åleine – aldri åleine
Å Maria ! Du mor i regn og mørkre.
Du mor i død og natt.
Høyr nådig bønene vår.
Bønhøyr oss.
November 2006, gravferda til ein ung slektning.
torsdag 10. november 2011
Afften psalme
1.
DAgen viger og gaar bort,
Lufften bliffver tyck og sort,
Solen har alt Dalet plat,
Det gaar ad den mørcke Nat.
2.
Tiden sagte lister sig,
Glaset rinder hastelig,
Døden os i Hælen gaar,
Evigheden forestaar.
3.
Nu een Dag jeg eldre bleff,
Det er som mit Tancke-Breff,
At jeg med min vandrings Staff,
Nærmer helder til min Graff.
Slik lyder dei tre første versa i Dorothe Engelbretsdatters "Afften psalme". Salmen har totalt tjue vers og er eit typisk eksempel på hennar dikting både i form og innhald. Dorothe Engelsbretsdatter var fødd i Bergen i 1634 som datter til soknepresten i Bergen Domkirke, ho levde eit langt liv og døydde i 1716. Ho blir rekna som den første norske kvinnelege forfattaren, og som ein av dei store kvinnene i Bergen bys historie. Det mest av det ho skreiv var salmar og songar med religiøst innhald, men og rimbrev og leilighetsdikt som kunne ha eit humoristisk preg. I 1678 fekk ho utgjeve "Siælens Sang-Offer" og i 1683 "Taare-Offer". Innhaldet her er prega av vissa om døden som alltid er nær i dette forgjengelege livet ,og vona om oppstoda og eit evig liv.
Det var også hennar personlege oppleving i livet, ho vart tidleg enke og sju av ni barn døydde før vaksen alder. Slik var nok livet for mange kvinner på 1600 tallet, men ingen andre Dorothe Engelbretsdatter sette seg ned og skreiv om det. Salmane og songane hennar vart populære både i samtida og ettertida og dei vart trykte i mange opplag. Ho fekk innvilga skattefritak av kongen og var sånn sett den første forfattar som fekk "diktargasje". Forfattarskapen hennar er prega av barokkens bilete og uttrykksform og vil nok verka framand på vår tid, men her har vi ei einsleg kvinneleg røyst frå ei ukjent og mørk tid og det er i seg sjølv burde vera grunn til å lytta til henne. Eg tek difor også med dei siste versa av "Afften Psalme".
18.
At det er saaledis fat,
Jeg eengang den lange Nat
Skal iblandt de dødis Tal,
Soffve i den mørcke Dal.
19.
Fire Fiele er min pragt,
Hvor udi jeg bliffver lagt,
Med it Lagen og lit meer,
Eyer icke saa en Feer.
20.
Alle Verdslig Ting forgaar,
Jeg til Herlighed opstaar,
Naar Gud ved Basunens Lyd,
Kalder mig til Evig Fryd.
mandag 7. november 2011
Allehelgensdag
Herren vara din utgang og din inngang.
No- ja no er dagen her
no er timen her
ljoset svinn for natta
varleg glir augneloka att
som dei har gjort i så mange år
når den vesle svevnen gjev kvile
til nye travle dagar
augene som skal opna seg igjen
mot morgonljoset i aust
men ikkje meir aldri meir
no er den store svevnen her
kvelden løyser opp og tek farvel
inga uro inga tåre meir
noko let att døra lydlaust
avskjeden som bur i alt
helsar oss i dei siste solstrålene.
Ein stad ei omsorg
ein stad ei lengting
ein stad ein utgang og ein inngang
der alt blir teke vare på
inneslutta og omslutta
ei varm hand strekkjer seg frå den andre sida.
Kvar er då all vår redsle og uro ?
Kva har vi meir å frykta ?
(August 2009. Gravferda til svigermor. Salme 121)
søndag 30. oktober 2011
Firenze
Firenze i slutten av oktober. San Marco er eit av byens mange renessanse byggverk, kyrkja frå midten av 1400 talet og dominikanerklosteret som no er museum. Som det meste i Firenze er også San Marco full av historie og kunstverk. I eit sidealter i kyrkja finn vi relikviane til St.Antonius som var biskop i Firenze midt på 1400 talet, cella til fanatikaren Savonarola er bevart i klosteret. Her finn vi også cella til Cosima de Medici, fyrsten som av og til trakk seg tilbake til einsemda i klosteret. Men det som gjer sterkast inntrykk er Fra Angelicos meir enn 30 fresker framstilt på klosterveggene.
Vi går langs søylegangen og får auge på hans storslåtte framstilling av korsfestinga som vist ovanfor. Kunstnar og dominikanarbror Fra Angelico arbeidde på desse freskene i nærare ti år, broren Benedetto som også var kunstnar hjelpte han i periodar med arbeidet. Fra Angelico levde frå 1387 til 1455, han vart saligkåra av pave Johannes Paul i 1984.
Når vi kjem opp trappa til dormitoriet med munkecellene er det første som møter oss hans kanskje mest kjente bilete, engelen Gabriel med bodskapen til Maria. Magnificat i biletleg form.
Går vi vidare langs cellene i dormitoriet får vi med oss det mest av dei sentrale evangeliske hendingane, eit i kvar celle som det under som framstiller Bergpreika.

torsdag 20. oktober 2011
Das Lied in mir
Filmen " Das Lied in mir" som på norsk har fått tittelen "Sangen i mitt hjerte" er eit tysk-argentinsk samarbeidsprosjekt . Det er debutarbeidet til den 32 årige regissøren Florian Cossen. Det er ein film som gjer sterkt inntrykk og manar til ettertanke.
Tyske Maria er på veg til sømjestevne i Chile og mellomlandar i Buenos Aires.Medan ho ventar vert ho sitjande ved sida av ei ung mor som syng for barnet sitt, ein voggesong som Maria på ein underlege måte kjenner igjen og syng med i sjølv ho ikkje kan spansk og tilsynelatande aldri har vore i Argentina. Ho blir emosjonelt sett ut og kjem for seint til flyet vidare. Ho vel å dra inn til Buenos Aires og ta inn på eit hotell, der ringer ho faren i Tyskland som dagen etter uventa dukkar opp på hotellet. Det er noko han og den avdøde mora har halde løynd for dattera. Dei eigentlege foreldra hennar vart borte under militærdiktaturet på syttitalet og Maria vart teke med til Tyskland og adoptert. Det vert eit opprivande oppgjer med faren som har fortia mykje for henne avdi han trudde det var best. Maria leiter etter sine argentinske slektningar og finn dei, det blir eit varmt møte men og eit møte som riv opp gamle sår. Kva hende eigentleg med den treårige Maria etter at foreldra vart bortført av militærregimet ? Kva rolle spelte adoptiv foreldra i forhold til regimet? Dette er dagsaktuelle spørsmål for mange i Latin-Amerika.
" Das Lied in mir" er ein film med svært mange plan. Kva er minne og kva kan vi eigentleg erindra frå tidleg barndom? Kva er identitet, kva rolle spelar biologi og kultur for at vi blir den vi er ? Familierelasjonar og løgn ? Brotsverk på det personlege planet og på det politiske ! Tidlegare overgrep under dikaturstyre som ligg som åpne sår i mange samfunn. Rettsoppgjer og forsoning ? Florian Cossens film åpnar for refleksjon omkring alt dette og sånn sett er dette ein av dei beste og viktigaste filmane i år.

Jessica Schwartz som Maria og Michael Gwisdek som adoptivfaren på hotellet i Buenos Aires.
Poetica:Til Marina
Marina
Åleine borte åleine heime
berre dikta er venene dine
fødde i natt
flyg dei som kvite fuglar
løftar seg mot horisonten
fortset utover havet
for så å kvila på bølgene ei stund
vengene slegne saman
djupet under, einsemda over.
Marina, kven føl deg no
når kjem tida for dikta dine
slengd i støvet i magasina
Marina, raud blant dei kvite
kvit blant dei raude
men songane dine som årgangsvin
ein smak av edle dråpar
av jord og lys
ein smak av luft og skog og bord
og altfor tidleg natt.
(Marina Tsvetajeva 1892-1941)
søndag 16. oktober 2011
Norske fjell
Norske fjell
Fjell, kva vil de eg skal skjøne:
syng de ein salme, driv de blasfemi,
de ser dykk sjølv i kalde sjøar,
kva held de på med, bøn eller magi ?
Med skriket til eit spottande uhyre,
som Satan sjølv på hesten sin av eld
let Peer Gynt den ville reinen styre
der ingen kjem, der stupet brattast fell.
Og ervingen som jorda ikkje kjenner,
den einaste som trur til siste slutt,
var det ikkje her Brand, utan venner,
sa skaparnamnet, løyste skredet ut ?
Men her ligg evig snø, og isen står
som beger av safir, ein blåna skatt !
Ho skremmer, er ei jord som liknar vår,
men føder aldri, korkje dag hell natt.
Desse andlet, ujordiske, drøymer
med snø til hår og auga inn mot Hel.
Frå kjaker gravne ut av stormar fløymer
som gråe skjegget fossen i sitt gjel.
Diktet "Norske fjell" av den russiske poeten Nikolaj Gumiljov(1886-1921) er omsett av Jo Eggen som har gjort mykje for at norske lesarar skal få innsikt i russisk litteratur.
Gumiljov reiste under første verdskrigen til London via Norge. Diktet avspeglar korleis han vart inspirert både av norsk litteratur og natur.
Nikolaj Gumiljov var ein sentral representant for den litterære retninga som vart kalla "akmeismen( bløming, høgdepunkt). Ein annan "akmeist" var poeten Anna Akmatova som var gift med Gumiljov ein periode. Akmeismen kom til å få stor innverknad på seinare russisk litteratur.
Nikolaj Gumiljov var av adelig slekt, han var eit utovervendt handlingsmenneske som reiste mykje mellom anna i Afrika . Han var antibolsjevik, noko han gav klart uttrykk for. Det førte til at han vart arrestert og henretta av boksjevikane i 1921.
Nikolaj Gumiljov, Anna Akmatova og sonen deira Lev.

lørdag 15. oktober 2011
Teresa av Avila
Vi feirar minnedagen for Teresa av Avila(1515-1582). Festdag i Karmelittordenen.
Kirkelærer. Skytshelgen for Spania, erkebispedømmet Mexico, Ávila, Alba de Tormes og Napoli; for alle karmelittfellesskap; for spanske skribenter (1965), blondevevere, listmakere; i åndelig nød og for et indre liv, mot hjertelidelser og hodesmerte.
Antifon til Magnificat for dagen: La ikke hjertet bli grepet av angst. I min Fars hus er det mange rom, og jeg går bort for å gjøre istand et sted for dere.
Kirkelærer. Skytshelgen for Spania, erkebispedømmet Mexico, Ávila, Alba de Tormes og Napoli; for alle karmelittfellesskap; for spanske skribenter (1965), blondevevere, listmakere; i åndelig nød og for et indre liv, mot hjertelidelser og hodesmerte.
torsdag 13. oktober 2011
Theresienstadt
Gøran von Otter, far til den svenske messosopranen Anne Sofie von Otter (f.1955) var svensk diplomat i Berlin under andre verdskrigen. Dattera fortel at faren ei natt under ei togreise vart oppsøkt av Kurt Gerstein, SS offiser og ingeniør med ansvar for giftgassen som vart nytta i utryddingsleirane. Gerstein fortel om det som går føre seg til von Otter, og ber han bringa det vidare til det svenske utenriksdepartementet. Von Otter rapporterar det han har fått vita til sine overordna i departementet, men blir møtt med liten interesse. Anne Sofie opplyser at dette går sterkt inn på faren og tynger han resten av livet.
Kankje har dette vore med på å inspirert henne til å gje ut musikk frå Theresienstadt i samarbeid med Bengt Forsberg, Christian Gerhaher og Daniel Hope på Deutsche Grammophon i 2007. CD`en "Terezin/Theresienstadt" innheld musikk skapt og framført av jødiske musikarar som var internert i konsentrasjonsleiren nord for Praha. Jødane i Theresienstadt vart gjeve ein viss fridom til kulturell utfalding, men dette var bare ledd i tysk propaganda overfor inspektørar frå "Røde kors." I realiteten var Theresienstadt bare ein mellomstasjon før den endelege transporten til Auschwitz.
Anne Sofie von Otter har samla variert musikk, dels viser og kabaresongar, dels meir seriøs musikk av etablerte komponistar som Erwin Schulhoff, Hans Krasa og Viktor Ullmann.
Men det som gjer sterkast inntrykk er songane til Ilse Weber(1903-44). Sjukepleiaren som tok seg av barna i Theresienstadt, men ho skreiv og meir enn 60 dikt og sette tone til fleire av dei. Ho reiste frivillig i døden saman med barna ho tok seg av, og det vart fortalt at ho sang voggevisa "Wiegala" for dei jødisk borna i gasskammeret.
Voggesongen til Ilse Weber som ho sang for dei jødiske borna i gasskammeret:
Vi går gjennom det jødiske museet i Praha der det mellom anna er utstilt mange barneteikningar frå
Theresienstadt.
Eit av dei har eg tek med her.

Ilse Weber: Wiegala
Wiegala, wiegala, weier,
der Wind spielt auf der Leier.
Er spielt so süß im grünen Ried
Die Nachtigall, die singt ihr Lied.
Wiegala, wiegala, weier,
der Wind spielt auf der Leier.
Wiegala, wiegala, werne
der Mond ist die Lanterne,
er steht am dunklen Himmelszelt
und schaut hernieder auf die Welt.
Wiegala, wiegala, werne,
der Mond ist die Lanterne.
Wiegala, wiegala, wille,
Wie ist die Welt so stille!
Er stört kein Laut die süße Ruh,
schlaf, mein Kindchen, schlaf auch du.
Wiegala, wiegala, wille,
Wie ist die Welt so stille!
Vi går gjennom det jødiske museet i Praha der det mellom anna er utstilt mange barneteikningar frå
Theresienstadt.
Eit av dei har eg tek med her.
onsdag 12. oktober 2011
Marina
Den store russiske forfattaren Boris Pasternak døyr 30.mai 1960 på datsjaen sin Peredelkino. I brystlomma hans på venstre side like over hjertet er det ein konvolutt med påskrifta "Det kjæraste". Inni konvolutten er det to brev, slitt og nesten oppsmuldra. Det eine er frå poeten Rainer Maria Rilke, det andre frå poeten Marina Tsvetajeva( 1892-1941). Begge er døde for lenge sidan, men minne om venskapet har Pasternak bore med seg resten av livet like inn i den siste timen.Det gjer eit sterkt inntrykk!
Marina Tsvetajeva er nok ikkje så godt kjent utanfor Russland , men er omsett til engelsk og nyleg kom ei norsk gjendikting av nokre av dei sentrale dikta hennar ved Jo Eggen. Marinas liv er spennande men og djupt tragisk. Ho vart fødd i Moskva i 1892, mora var pianist, faren historieprofessor. Foreldrene døydde tidleg frå Marina og søskena. Ho var kunstnarisk og intellektuelt bråmoden og debuterte 18 år gammal med diktsamlinga "Kveldsalbum".Seinare kom ei rad bøker, hovudsakleg poesi og ho vert rekna som ein fornyar av den russiske poesien. Ho møtte aldri Rilke men brevveksla med han og som eg tidlegare har teke med på denne bloggen skreiv han eit av sine siste dikt til Marina.
Ho levde eit omflakkande liv saman med ektemannen Efron, dels i Russland, dels i eksil i Vest-Europa. Lenge var dei busett i Paris, der Efron frå å vera sympatisør med dei "Kvite" under borgarkrigen gjekk over til å bli agent for sovjetstyret. Han og dottera deira drog tilbake til Sovjet, medan Marina var igjen i Paris. Her vart ho utstøytt av emigrantrussarane. Ho skriv ein stad at ho følte seg som raud blant dei kvite, og kvit blant dei raude.
Etter kort tid føl Marina resten av familien tilbake til heimlandet, utan å ana kva brutalitet som ventar henne og dei næraste. Efron blir snart arrestert og henretta som spion, dottera Alja blir sendt til Gulag der ho først slepp ut etter Stalins død. Marina er igjen utstøytt og absolutt åleine, ingen bryr seg kanskje med unntak av Pasternak. I 1941 tek ho livet sitt, totalt einsam omgjeve av eit av dei mest hensynsløyse regime verda har sett.
Absolutt ingen føl henne til grava !
På sekstitalet blir Marina gjenoppdaga og får etter kvart sin rettmessige plass som ein av dei store i russisk litteraturhistorie.Dikta hennar vert tonesatt av både Dmitrij Sjostakovitsj og Sofia Gubaidulina. Forfattaren Josif Brodskij skriv begeistra om henne. Som ung skriv ho eit lite dikt som sånn sett føregrip framtida.
Dikta mine, tidlig skrivne, utan
at eg visste eg var poet
dei reiv seg laus som springvatnspruten,
som gneistene frå ein rakett,
Til røykelse og søvn, i heilagbrøde,
slo dei dørene, som smådjevlar, i knas,
mine dikt om ungdommen og døden
-dikt som ingen las!-
Nå ligg dei slengt i støv i magasina
(der ingen tok og ingen tar i slikt!)
men tida kjem for dei, som edle vinar,
for mine dikt.
http://sv.wikipedia.org/wiki/Marina_Tsvetajeva
Russisk postkort og frimerke til minne om Marina på hundreårsdagen i 1992.

fredag 7. oktober 2011
Nobelprisen
Gratulerar ! Nobelprisen i litteratur for 2011 gjekk til den svenske poeten Tomas Tranströmer. Han er ein av mine favorittar og det var absolutt velfortent.
I grunngjevinga skriv nobelkomtiteen:
Prize motivation: "because, through his condensed, translucent images, he gives us fresh access to reality.
Kanskje er dette noko av det store ved poesien hans, evne til ved enkle daglegdagse bilete å visa utover og klarleggja dei store realitetane i tilveret.
Eit favoritt dikt er:
Romanska bågar
Inne i den väldiga romanska kyrkan trängdes turisterna
i halvmörkret.
Valv gapande bakom valv och ingen överblick.
Några ljuslågor fladdrade.
En ängel utan ansikte omfamnade mig
och viskade genom hela kroppen:
”Skäms inte för at du er människa, var stolt !
Inne i dig öppnar sig valv bakom valv oändligt.
Du blir aldrig färdig, och det är som det skall.”
Jag var blind av tårar
och föstes ut på den solsjudande piazzaen
tilsammans med Mr och Mrs Jones, Herr Tanaka och
Signora Sabatini
och inne i dem alla öppnade sig valv bakom valv oändligt.
Det er henta frå samlinga ”För levande och döda” frå 1989.
Eit anna dikt som gjev eit djupt perspektiv er ” Minnena ser mig” frå
”Det vilda torget” som kom i 1983.
En junimorgon då det är för tidigt
att vakna men för sent att somna om.
Jag måste ut i grönskan som är fullsatt
av minnen, och de följer mig med blicken.
De syns inte, de smälter helt ihop
med bakgrunden, perfekta kameleonter.
De är så nära att jag hör dem andas
fast fågelsången är bedövande.
I
torsdag 6. oktober 2011
Poetica:Jacqueline du Pré
Jacqueline du Pré (1945-1987) er på mange måtar blitt ein mytisk person , løfta opp frå det trivielle og inn i det tidlause. Vidunderbarnet med ein strålande karriere som cellist framom seg. Ho vart også hylla som ein av dei største i forige hundreår. I 1971 viste dei første teikn på sjukdomen seg og i 1973 måtte ho gje opp musikkarrieren. Ho døydde 14 år seinare bare 42 år gammal etter ein lang og smertefull sjukdomsperiode. Geniet som døydde tidleg lik mange store komponistar og musikarar før henne. Det geniale med eit bakteppe av tragedie og død, kanskje er det det som fascinerar oss og samstundes gjer oss urolege ?
Men det er også musikken, denne fantastiske framføringa av dei store verka for cello, ikkje minst Edward Elgars cellokonsert som er det musikkverket dei fleste forbind med Jacqueline du Pré. Ho framførte det første gong i 1959 og seinare ei rekke gonger inn til ho i 1971 byrja å mista kontrollen over kroppen.
Eg lyttar til ei innspeling frå november 1970 med ektemannen Daniel Barenboim som dirigent. Jacqueline er 25 år, enno frisk, genial i si framføring men om kort tid ventar smerten og hjelpeløysa.
http://www.youtube.com/watch?v=JVTe8Zm1Xrk
Til Jacqueline du Pré
November 1970
Edward Elgars cellokonsert
som alltid med eleganse og virtuos innleving
er det likevel eit glimt av smerte
når du fører bogen over cellostrengane
ein underleg uro
eit svakt sting i hjarta.
Feller celloen tårer
vi prøver å tørka bort tiår seinare
og rører varsamt ved lidinga som venter
men denne novemberkvelden
framom eit lydhøyrt publikum
tapet mørkt og uforløyst
tanken skjelvande hjelpelaus
men musikken overskridande
tidlaus.
Rosa oppkalla etter Jacqueline.
Abonner på:
Innlegg (Atom)