torsdag 15. desember 2011

Johannes av Korset

14. desember er minnedagen for Johannes av Korset (San Juan de la Cruz)
Johannes levde i Spania frå 1542-1591. Han var prest, munk i karmelittordenen, poet og mystikarar. Han vart helgenkåra i 1726 og to hundre år seinare vart han utnemnd til kyrkjelærar av pave Pius XI. Johannes er skytshelgen for mellom anna spanske forfattarar. Ikkje så unaturleg, han var sjølv ein av dei storei spansk litteratur. Men det er som reformator av karmelittordenen og som vegleiar på den indre bønas vanskelege veg han framom noko har sett spor etter seg. Johannes skrifter er for ein stor del kommentarar og forklaring
til hans poesi som i symbolmetta språk handlar om sjelas veg til Gud.

" Ei natt før mørkre vende,
då elskaren ikkje ville vika frå meg,
- å lykkelege hende ! -
då inkje vondt fekk nå meg,
og huset sov , og ingen kunne sjå meg,

ei løyntrapp vel eg kjende,
og smaug meg ut med tryllehetta på meg,
-å lykkelege hende,
då fritt eg kunne rå meg,
med huset sov, og ingen kunne sjå meg !

Eg sveiv i mørkret inne,
for langs min løynstig ingen på meg vørde,
og sjølv eg steig i blinde,
og inkje lys meg førde,
anna enn det mitt heite hjarta nørde.

------------------------

Bort veikna alt eg ville,
og med mitt andlet eg hans andlet gøymde,
og alle ting vart stille,
og bort meg sjølv eg drøymde,
og mellom liljer all mi sorg eg gøymde."

(Sigmund Skard si omsetjing)


Salvador Dalis bilete " Johannes av Korsets Kristus"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar