mandag 7. november 2011

Allehelgensdag


          Herren vara din  utgang og  din inngang.

No- ja no er dagen her
no er timen her
ljoset svinn for natta
varleg glir augneloka att
som dei har gjort i så mange år
når den vesle svevnen gjev kvile
til nye travle dagar
augene som skal opna seg igjen
mot morgonljoset i aust
men ikkje meir  aldri meir
no er den store svevnen her
kvelden løyser opp og tek farvel
inga uro inga tåre meir
noko let att døra lydlaust
avskjeden som bur i alt
helsar oss i dei siste solstrålene.
Ein stad ei omsorg
ein stad ei lengting
ein stad ein utgang og ein inngang
der alt blir teke vare på
inneslutta og omslutta
ei varm hand strekkjer seg frå den andre sida.
Kvar er då all vår redsle og uro ?
Kva har vi meir å frykta ?


(August 2009. Gravferda til svigermor. Salme 121)







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar