søndag 11. desember 2011

Den stumme

"Båten er ikkje lenger i naustet
Han er ute på vatnet ein stad
Han går langs strender
og passerar bratte berg
Snart er han langt ute på fjorden
Båten arbeider med tida
deler henne opp til stunder
som ikkje heng saman
Restar av bølgjer kjem
til folketome bukter
Ein dag skurer kjølen
mot land på den andre sida"

Diktet om båten innleiar andre del av diktsamlinga  " Den stumme" av Lars Amund Vaage som kom ut tidlegare i år. Lars Amund Vaager er frå Sunde i Kvinnherad, han debuterte i 1979 med romanen "Øvelse kald vinter" og har seinare gjeve ut både romanar, noveller, diktsamlingar og skodespel.
Årets diktsamling  er inndelt i to bolkar, den første med tittelen  "Den stumme", den siste med undertittelen
"Songar om døden og kjærleiken". Diktet om båten er henta frå denne siste delene med dikt prege av meir djupe eksistensielle tema. Dikta i den første delen rører seg i dimensjonen mellom det tause, ordlause  arbeidet og  det ordrike språket. Bileta som  blir brukt er frå det praktiske arbeidet på eit gardbruk dreve på den gamle måten der "Arbeidet kom før ordet/ Arbeidet var ordet."  "Den stumme " formidlar sin kunnskap ikkje med ord men ved å visa i praksis korleis ein skal gjera det. Notid og fortid møtes i vare bilete frå ein tid som ikkje er , frå ein barndom lang tilbake men som ber med seg desse ordlause bileta.

Som i dette diktet frå ei sanseleg og nær barndomsoppleving.

"Ho sat ved bakstebordet som sveva bort
Ho førte kjevlet over kakehimmelen
Bakstebordet stod i røyken av mjøl
og veden som brann i gruva
Eg kom inn i den låge, grå kjellaren
stod ei tid før eg visste
at eg kunne springa
etter meir ved
det var oppgåva eg hadde fått
av henne som sat
med varmen på den eine sida
og kulden på den andre
Eg henta den fine veden
i skjulet
Sprang over tunet
med den friske lufta i lungene
og smaken av nysteikt kake i munnen
sprang og sprang til ein hemmeleg stad"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar