Frå bispedømme i mange land blir det meldt om rekordmange som vil bli ein del av Kyrkjas fellesskap denne påska. Tradisjonelt har påskenatts messa vore tidspunkt for dåp av vaksne og opptak av konvertittar som tidlegare er døypt i andre kyrkjesamfunn. Desse som har meldt seg no har gått igjennom opplæring i Kyrkjas praksis og tru over 1-2 år og avlagt skriftemål før dei påskenatt får del i sakramenta , dåp, ferming og første kommunion. Dei blir støtta av fadrar og heile meinigheten denne gledefylte kvelden!
I Frankrike blir det meldt om 20.000 kandidatar, det er ein markert stigning frå 4000 i 2015. I Paris er det nær 800, tilsvarande i byar som Lyon, Toulouse, Orleans, Rennes og Versailles. Over alt ein markert auke dei siste åra.Biskop i Pontoise Benoît Bertrand uttaler at dersom dette held fram vil det i løpet av dei neste fem åra forandra våre kristne fellesskap fundamentalt, dei nydøypte vil « evangelisera oss» gjennom sin iver og evne til å uttrykkja trua i notidas kultur.
Tidsskriftet «The Tablet» melder om ein tilsvarande trend i England. Det høgste antallet dåpskandidatar både i Londons bispedømmer, og i mellom anna Birmingham og Manchester.Enkelte menigheter opplever opptil 60 prosent auke i nye medlemmer. Det har vore fokus på unge og konservative menn som vender seg mot kristendomen, men i til dømes Soutwark var det eit fleirtal kvinner. Dei fleste er under 35 og utan tidlegare kristen bakgrunn. Men det er ikkje for seint sjølv om ein er over 80, den eldste kandidaten i England er 88 år!
Erkebiskop Richard Moth uttaler: « Cathecumenes and candidates younhave heard the gentle promtings of the Holy Spirit. Your presence here is a sign of your respons to Gods call. Your response is an example to us all.»
Kyrkja har ikkje teke noko spesielt initativ som kan forklara denne trenden. Mark Davies, biskop i Shrewsbury : «It’s all the more remarkable because this new generation of converts have been drawn to the Church by no special initative on our part, rather by the constancy of faith, the reverence of worship and the authentic witness they have found.»
Vi har sett ein tilsvarande utvikling i Norge, om enn i mindre omfang enn i England, Frankrike,USA og Australia. Vi har all grunn til å vera takksame for dette, ta i mot dei nye med opne armar og forbøn.
