søndag 14. april 2024

Misjon 2030

 I 2030 markerar vi tusen års jubileet for slaget på Stiklestad og dermed kristninga av Norge. Ei rekkje arrangement er planlagt, frå Trondheim katolske bispedømme  ved biskop Erik Varden er det tatt initativ til Misjon 2030 i samarbeid med den katolske radio- og fjernsynsstasjonen EWTN Norge ved Pål Johannes Nes. Kva ligg det i denne satsinga fram mot tusenårs-jubileet? Det er ei førebuing til jubileet med vekt på misjon i vidaste forstand gjennom fornying av dåpsløfter, bønn, liturgi, katekese og kariativt arbeid. Men det er ikkje bare eit internt katolsk prosjekt, det er utoverretta i vissa om at vi har noko å tilby til moderne menneske, vi har noko som har halde i totusen år og som vi har fått lovnad om at held til verdas ende! Det er og eit initativ i Olav den heilages ande, biskop Erik Varden skriv: « For oss katolikker er hellig Olav ikke et fortidsminne. Han er et levende nærvær, en del av vårt kirkelige  fellesskap. Vi ber om hans forbønn og beskyttelse. Vi vil ta ansvar for arven han betror oss.»

13.april gjekk startskotet for Misjon 2030 i St.Olav domkyrkje i Trondheim med ei inspirasjonssamling der vi fekk såvel andeleg, teologisk  og sosialt påfyll for å kunna stå i dette arbeidet fram mot jubileet i 2030 og naturlegvis langt utover det. På programmet stod tidebønner, messe og felles måltid dessutan foredrag til inspirasjon av biskop Erik, dominikanersøster Anne Bente, Ulf Ekman frå Uppsala, Anne Samuelsen som representant for sekularkarmelittane, i hennar fråver framførte underteikna foredraget om bønn og misjon. Pål Johannes innleia med eit svært personleg foredrag om sin veg til truande katolikk, med oppturar og nedturar, og det som leia fram til at han og kona starta St.Rita radio som seinare er blitt ein del av det verdsomfavnande katolske medianettverket EWNT. Dagen vart avslutta med ein panelsamtale leia av Eivor Oftestad, der eg deltok saman med biskop Erik, Ulf Ekman og Pål Johannes Nes. Eg prøvde å få fram at sjølv om det ikkje er vår stil å gate-evangelisere, har vi kanskje vore for tilbakehaldne i mange samanhengar. Eg siterte då den amerikanske konvertitten og helgenkandidat Dorothy Day, som ein stad skildrar kor lite pågåande den katolske familien ho budde hos som ungdom var i å dela det katolske med henne. «…and though I went with them to the mission, it never occured to them that I might want to talk to a priest.» Til slutt prøvd eg å få fram det viktige i å ta godt vare på konvertittane, både i prosessen med troskurs som leiar fram til sermonien med opptak i Kyrkjas fulle fellesskap, men ikkje minst det som følgjer etter. Alt for mange forsvinn ut av Kyrkja etter kortare eller lengre tid. Kva kan vi gjera for at dei blir verande?








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar