onsdag 17. november 2021

Birgittas siste pilegrimsferd

11. november 1371 for nøyaktig 650 år sidan la Birgitta av Vadstena ut frå Roma  på veg til Det heilage landet . Det vart hennar siste pilegrimsferd, kort tid etter at ho og hennar følgje kom tilbake døydde ho i  Piazza Farnese .Ho har i følget sitt 12-15 personar,  mellom dei dattera Katarina og sønene Karl og Birger. Det blir ei dramatisk reise. Første stopp i Napoli der Birgitta frå før kjenner den markerte dronning Johanna. Her opplever ho at sonen Karl blir sjuk og døyr. Etter eit lengre opp hald i Napoli dreg dei så vidare via Kypros og 12.mai 1372 kjem dei endelege til Jersusalem. Birgitta har nok grudd seg for denne reisa som har vore i tankane hennar heilt frå ho kom til Roma , ja før det og. Då ho og mannen Ulf var på pilegrimsreise til Santiago de Compostella hadde ho ein visjon om at ho skulle vitja både Roma og Jerusalem. Seinare blir ho minna på dette med jamne mellomrom. 23. mai 1371 har ho ei openberring der Kristus talar til henne. "Gjør deg klar til en pilegrimsferd til Jersusalem for å besøke min grav og de andre hellige stedene der."  Eit halvt år seinare er ho så klar til å dra.

Birgitta har nok vegra seg for denne turen, ho er snart sytti år, ei gammal kvinne på den tida, ho har levd eit meir strevsomt liv enn dei fleste og har helseproblem. Men  Birgitta er lydig, ho føl det ho oppfattar som Kristi direkte tale til henne. I det heilage landet har ho fleire visjonar  som er skreve ned i  den sjuande boka i hennar "Himmelske openberringar". Den eine er i Fødselskyrkja i Betleheim, den andre i Golgata kapellet. Dette er svært detaljerte og kroppslege skildringar, i motsetning til det som står i evangelia.Det har og  vist seg at Birgittas  framstilling av Jesu fødsel og krossfesting har prega seinare kunstnarlege framstillingar.

Etter denne strabasiøse reisa kom ho og følget hennar  utmatta tilbake til Roma på vårparten 1373 og Birgitta  døydde så i Piazza Farnese 23. juli dette året. Året etter kom ho heim til klosteret i Vadstena, kista vart bore av hennar næraste gjennom Europa, og til sist med båt  frå Danzig til Sverige.Men historien  var ikkje slutt med det, Birgitta hadde hatt to overordna mål, å få paven tilbake til Roma frå Avignon og få  klosterordenen sin stadfesta av paven. Begge deler skjedde eit par år etter at ho var død. Helgenkåringsprosessen starta og kort tid etter at ho vart død, og vart fullført og feira med stor festivitas i Roma 7. oktober 1391. Birgittinarordenen eksisterar framleis med kloster i mange land også i Trondheim. Birgitta er på mange måtar unik, få Mellomalder kvinner har hatt tilsvararande posisjon både i levande live og etter sin død. Det er difor ekstra gledeleg at det nylig kom ein ny Birgitta-biografi på norsk. Frå før har  vi Helge Nordahls " Den hellige Birgitta - beåndet visjonær -begavet politiker" frå 1997. Unn Falkeid( dotter til Kolbjørn Falkeid)  er professor i idehistorie og har sitt forskningsfelt innan europeisk Mellomalderhistorie. Eg har med stor interesse lese hennar nyleg utgjevne Birgitta biografi "Den hellige Birgitta. Enken som utfordret Europa." Det er å vona at fleire får augene opp for denne fascinerande kvinna. Ein kan nærma seg henne både religiøst og feministisk, det står ikkje nødvendigvis i motsetnad til kvarandre. Kyrkja har  frå dei første tider for ein stor del vorte bore av flittige og fromme kvinner som sjeldan har fått den status dei  fortener. 





 

Birgitta


Juliheten ligg tungt over Roma,

når kreftene og tida tek slutt,

men du kviler lett på den harde brisken

cella di i Piazza Farnese

ikkje langt frå Campo de`Fiori – blometorget.

Oppgåvene store og mange,

få var det som fekk styrke til å bera

det du bar med rak rygg og vidope sinn.

Den siste pilegrimsreisa og du stod framom

Jerusalem – den heilage byen,

utmatta kom du attende og la deg ned

ventande på den lange vegen heim,

Ventande på den største av alle oppgåver,

kallet ditt fast og for alltid lyttande,

men aldri åleine du trufaste tenerinne.



Birgitta av Sverige ( 1303-73) døydde i Roma 23 .juli som er minnedagen hennar.



Piazza Farnese  der Birgitta budde mesteparten av tida si i Roma. Birgittasøstrene held framleis til her. Vi budde der hasuten 2012. Det var ei stor oppleving då ein av søstrene viste oss rommet til Birgitta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar