mandag 9. august 2021

Kunstnarar med motiv frå Setesdal

 Inspirert av utstillinga "Setesdal i biletkunsten" i Valle i sommar har eg skreve eit lite innlegg i siste nummer av "Dag og Tid".

Tre favorittar: Kunstnarar med motiv frå Setesdal. 1. Olaf Isaachsen (1835-93) Det var ikkje vanskeleg for dei nasjonalromantiske kunstnarane å finna motiv i Setesdal. Fearnley, Eckersberg og Tidemand var som snarast innom og måla eit par bilete med motiv frå Setesdal, men Olaf Isaachsen vendte tilbake gong etter gong og levde seg inn i kulturen og folkelivet i dalen. Han var frå Mandal, elev av Tidemand og utdanna i Düsseldorf og Paris. Isaachsen var nasjonalromantikar, men kunsten hans fekk etter kvart eit meir impresjonistisk preg. 2. Lars Osa (1860-1958) Han kom frå Ulvik i Hardanger, og var utdanna i København og Paris. Han kom første gong til Setesdal i 1894,og budde der i fleire år før hans slo seg ned på Voss i 1917. Han var oppteken av vår nasjonale kulturarv både i musikk, dikting og biletkunst, i Setesdal fann han denne kulturen i si mest opphavelege form. Lars Osa skildra kulturen og dagleglivet i dalen, men og dei store livshøgtidene som bryllaup, barnedåp og gravferd. Han var og kjent som ein dyktig portrettmålar og ein dugande felespelar. Son hans var den kjende folkemusikaren Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-90). 3. Reidar Fritzvold (1920 – 98) Han kom frå Oslo og var utdanna ved Statens kunstakademi. Han er framfor alt kjent som landskapsmålar i ein ekspresjonistisk stil. Omkring 1950 sykla han opp Setesdal til Bykle og fekk etter det ein livslang dragning mot naturen og folket der. Fritzvold oppheld seg mest i Bykle og skildra naturen i ei rekkje storslåtte kunstverk. Mange av motiva er i dag borte, demt ned i samband med den store kraftutbygginga på 1960 talet. Samlinga prydar i dag kommunestyresalen i den vesle fjellkommunen 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar