onsdag 23. september 2020

Helseangst

 Helseangst

Lege Kaveh Rashidi set i ein reportasje i Vårl Land ord på det som er blitt karakterisert som

ein av vår tids mest «utbreidde folkesjukdomar», nemleg helseangst. Han får klart fram at

ein som helsepersonell på ingen måte er friteken frå uro og angst for eigen og familiens

helse, dette blir ikkje minst tydeleg når ein står med ein nyfødd baby i armane.

Her er det viktig å ha to perspektiv klart for seg. For det første har det aldri nokon stad, til

noko tid vore tryggare å vera menneske enn i dagen norske samfunn, det gjeld aller mest for

små barn. For det andre er dei eksistensiell grunnvilkåra i tilværet dei same så lenge vi har

eksistert som art.

Nesten ingen barn døyr i trafikken og av drukning, nesten alle kreftsjuke barn blir friske,

svært få døyr av infeksjonar og i krybbedød. For over hundre år sidan miste min bestefar tre

av sju barn! Vi som var helsepersonell og hadde små barn på 1980 talet var med god grunn

redde, redde for krybbedød, smittsom hjernehinnebetennelse, epiglotitt

(strupelokkbetennelse) etc. I dag tilstandar som er så godt som utrydda. Det same er tilfelle

med tidlegare tiders utbreidde angst for helvete og fortaping. Kanskje kom den kollektive

helseangsten som ein erstatning, for som menneske er vi avhengig av å dela ein felles uro ?

Men det er ein dårleg erstatning, for uansett kor mange testar og undersøkjingar ein utset

seg for kan det ikkje gjera noko med dei eksistensielle grunnvilkåra i tilværet. Livet er eit

kortvarig og usikkert prosjekt med fleire spørsmål enn svar!


(Innlegg i Vårt Land 19. sept)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar