tirsdag 30. april 2019

Simone Weil - filosof, aktivist,mystikar

Simone Weil (1909-43),ein av 1900 talets største kristne mystikarar ? Ja vil mange hevda, særleg mot slutten av hennar korte liv fekk den mysteriøse gudsrelasjonen ein stadig større plass i livet hennar.Men det var ingenting i barndom og oppvekst som skulle tyda på at ho seinare i livet brått skulle bli grepen av Kristus!      Ho vaks opp i ein agnostisk og sekulær, velståande jødisk familie i Paris.  Der viste ho seg tidleg som eit uvanleg engasjert og bråmodent barn, som seks åring nekta ho seg sjølv gotteri for det fekk ikkje dei franske soldatane ved fronten, som tolvåring kunne ho lesa klassiske greske tekstar. Som student i filosofi utmerka ho seg,og etter avslutta eksamen i 1931 fekk ho arbeid som lærar. Samstundes skreiv ho, essays, artiklar, filosofiske tekstar. For Simone Weil var ikkje filosofien teori, det var vel så mykje levd liv og engasjement. Hennar djupe rettferdskjensle gjorde det naturleg å engasjera seg politisk på venstresida.  Ho tok aktivt del i arbeidaranes kamp, engasjement gjekk så langt at ho gav opp si stilling som lærar og «proletariserte» seg som vanleg arbeidar ved samlebandet i Renaultfabrikken. For Simone Weil var motivasjonen vel så mykje eksistensiell og metafysisk som politisk. Ho ville dela arbeidaranes kår fullt ut,ta deira strev og liding heilt innover seg. Ho hadde svak helse og dette braut henne gradvis ned.

Då den spanske borgarkrigen braut ut melde ho seg friviljug til ei anarkistisk gruppe,men ho var klønete og nærsynt, og heilt ubrukeleg ved fronten. Etter ei alvorleg forbrenning vart ho henta heim av foreldrene. Så skjer det at ho har fleire religiøse opplevingar som ho eigentleg ikkje er førebudd på, det ser ho som ein fordel for «Gud hadde i sin barmhjertighet hindret meg i å lese mystikerne, for at jeg skulle kunne være sikker på at jeg ikke selv hadde fremkalt det absolutt uventede fenomen jeg opplevet.» Ho har minst tre slike opplevingar, først i Portugal seinare i Assisi og klosteret Solesmes.
« Da jeg tidligere dannet meg mine tanker og gudsproblemets uløselighet, hadde jeg ikke forutsett en slik mulighet, en slik reell kontakt her nede, ansikt til ansikt mellom Gud og mennesket................ Da Kristus plutselig grep meg var dette en opplevelse som hverken sansene eller forestillingsevnen hadde noen som helst del i; jeg følte bare tvers gjennom smertene tilstedeværelsen av en kjærlighet som var lik den man kan lese i smilet på et elsket menneskes ansikt.»

Simone Weil hadde gått frå agnostiker til kristen mystiker, men det var ein mystikk som ikkje kunne stengast inne i kyrkja. Det var så mykje ho ville favna, ho fann Gud i  filosofien, ikkje minst gresk filosofi som ho var sterkt inspirert av,ho såg Gud i dei fattige arbeidarane ved samlebandet, ho såg Gud i andre religionar som buddhisme og hinduisme, ho såg Gud i «alle de farvede rasers kultur», men og i dei retningar som blei rekna som kjetterske av kyrkja. « Anathema sit – forbanna vera», desse to små orda  som utelukka alt det andre kunne ho ikkje akseptera.

Det blir ikkje fødd mange som Simone Weil,så mangesidig, så totalt engasjert i dette livet,så totalt viljug til å gå inn i lidinga og dei store motsetningar mellom godt og vondt, så heilt utan hensyn til eiga vinning,og eiga helse, noko som til slutt skulle ta livet av henne. Lite av det ho skreiv vart publisert i hennar levetid, ho vart først for alvor kjent etter sin død, og vart etterkvart eit forskningsprosjekt både for teologar, filosofar og psykologar. Så ulike menneske som Hanna Arendt, Albert Camus og pave Johannes XXIII var inspirert av henne.

24.august 1943 er hennar korte men innhaldsrike liv over. Ho har tuberkulose, men nektar å ta til seg meir mat enn det som er minste rasjon for dei som kjempar mot nazismen heime i Frankrike. Kanskje sveltar ho seg til døde ? Er det eit fullbyrd liv ho ser tilbake på i dødsaugneblinken ? Det betyr kanhende ikkje så mykje for  «Dødsøyeblikket er livets kjerne og mening........ Det er øyeblikket da den rene og evige sannhet trer inn i sjelen for en uendelig kort stund.» Eller er det som ho skriv i eit brev til pater Perrin:
« Jeg har hele tiden holdt meg nøyaktig på dette punkt, på terskelen til Kirken, uten å bøye meg, urørlig, ἐνύπομονή ( ventande, tålmodig) – dette ordet er langt vakrere enn patientia. Bare mitt hjerte er nå, for alltid håper jeg, ført bort og gjemt i det Hellige Sakramentet opp på alteret....»




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar