fredag 22. februar 2019

Om vern av mindreårige i kyrkja

I desse dagar pågår konferansen "The protection of minors in the Church" - "Vern av mindreårige i kyrkja" i Vatikanet etter initativ av pave Frans. Bakgrunnen er som dei fleste er kjent med den lange rekkja av overgrepsskandalar som har rysta kyrkja dei siste tiåra.  I land etter land på alle kontinent har offer for prestars misbruk stått fram med si historie. Eit vell av mørke og grums har kome til overflata og sjokkert både i og utanfor kyrkja. Skandalen har gått heilt til topps i kyrkja, noko reaksjonen mot den amerikanske  erkebiskop og kardinal Theodore E. McCarrick vitnar opp.Han vart nyleg fråteke alle sine geistlege rettar som følge av tidlegare seksuelt misbruk.

På konferansen deltek vel 190 representantar for bispdøme rundt i verda, vona er at dette blir meir enn berre prat. Kardinal og erkebiskop av Chicago Blase  J. Cupich  som heldt hovedinnlegget i dag uttalte i forkant: " My hope is that people see this as a turning point."
I sitt innlegg talte han om "accountability" - ansvarleggjering. Han tok til orde for å innføra nye og strenge lover som ansvarleggjer også den enkelte biskop. Dette er kanskje noko av det som har vore mest deprimerande i desse sakene, nemleg korleis det kyrkjelege hierakiet systematisk har  fortia og hemmeleg halde det som har skjedd.  Redsla for skandale har  gjort at dei totalt har svikta offera. Når det likevel kjem opp til slutt blir skandalen desto større.

Erkebiskopen av Bogota kardinal Ruben Salazar Gomez talte i går. Han tok eit sterk oppgjer med einukultur i kyrkja. Det er ingen unnskyldning for å vika unna å fordøma og resolutt konfrontera eit kvart tilfelle av misbruk innanfor kyrkja. Han sette navn på ukulturen: klerikalisme.

" Vi opplever en feiloppfatning av hvordan prestegjerningen skal utøves. det har bidratt til at myndighetsperoner har begått alvorlige feil, som igjen har forverret krisen. Denne feiloppfatningen har et navn: klerikalisme."

Det er lett å fall ned i mismot og vonløyse i møte med dette. Mange som er glade i kyrkja opplever det slik. Men det hjelper å ta si tilflukt til Jesu ord til Peter: " Og eg seier deg: Du er Peter, og på dette fjell vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne."


                                       Pave Frans talar på dagens konferanse.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar