onsdag 31. oktober 2012

Simone Weil

”Jeg har hele tiden holdt meg nøyaktig på dette punkt, på terskelen til Kirken, uten å bøye meg, urørlig , έν ύπομονη – en hypomoné (ventande tolmodig)   -  dette ordet er langt vakrere enn patientia. Bare mitt hjerte er nå, for alltid håper jeg, ført bort og gjemt i Det Hellige Sakramentet opp på alteret….”
Slik skriv Simone Weil ( 1909 - 1943) i  "Et brev om den indre livsvei".  Det er eit av breva ho skreiv til dominikanerpater Perrin på slutten av livet. Her gjer ho greie for kvifor ho vel å stå utanfor kyrkja trass i at ho langt på veg deler den kristne trua. Hennar kall er å stå utanfor . "Det står for meg at det er Guds vilje at jeg ikke skal tre inn i kirken."
Heilt frå eg første gong høyrte om henne har eg vore fascinert av Simone Weil, som på mange måtar er ein av dei mest spennande kvinnelege tenkjarane frå det tjuande hudreåret. Det er ikkje lett å karakterisera og plassera henne i dei store retningane i historia, eller rettare sagt det er umogleg. Simone Weil vart fødd inn i ein velståande, sekulær jødisk familie i Paris. Tidleg viste ho store intelektuelle evner og studerte filosofi og underviste seinare i dette faget. Ho lærte både gresk og sanskrit og fordjupa seg i såvel gresk filosofi som Bhagavad Gita. Men kanskje vel så karakteristisk for henne som filosofien var den djupe medkjensla og solidariteten ho alt frå tidleg barnealder opplevde i forhald til alle lidande. Seks år gammal nekta ho å eta søtsaker så lenge heller ikkje soldatane på Vestfronten fekk det same. Seinare engasjerte ho seg politisk på venstresida, men vart aldri formelt medlem av kommunistpartiet og marxismen som ideologi skreiv ho kritisk om. Det var ikkje ideologi som dreiv henne men ei sterk solidaritetskjensle med arbeidarklassen. Ho levde som ho lærte, noko som førte til at ho lenge arbeidde som vanleg arbeidar ved samlebanda i Renault fabrikken.Seinare melde ho seg frivillig i den spanske borgarkrigen på republikansk side, men vart sendt heim etter kort tid pga. ein skade.  Ho hjelpte tyske kommunistar å flykta frå naziregimet, og sørgde for at Trotsky fekk bu hos foreldrene hennar i Paris. Samstundes argumenterte ho for at kommunistiske byråkratar kunne bli like undertrykkande som kapitalistane. Då krigen braut ut melde ho seg til den franske motstandsrørsla, helst ville ho vore ved fronten, men helsa var så dårleg at ho vart sette til kontorarbeid i England. Her døydde ho av tuberkulose i august 1943. Ho skreiv ikkje store filosofiske verk, det meste var kort og fragmentarisk om filosofiske, sosiale og politiske spørsmål ,og dei siste åra sterke peronlege vitnemål om hennar veg til kristendomen. I etterkrigsåra var det ei aukande interesse for tankane hennar, så ulike personar som T.S. Eliot, Albert Camus og pave Paul VI var inspirert av Simone Weil.

Simone Weil var jøde men har vorte kritisert for at ho i stor grad tok avstand frå jødisk  religion og kultur. Dette i motsetning til ein annan jødisk intelektuell som fann vegen til kristen tru, nemleg Edith Stein. Edith Stein vart karmelittnonne, martyr og helgen. Simone Weil vart aldri det, ho døydde av sjukdom utan å ha blitt teke opp i kyrkja. Likevel er ho ein slags helgen, og iallfall ein kristen mystikar. Ho har blitt karakterisert som skytshelgen for  dei som står utanfor, for outseidarane, dei som aldri fann sin plass i fellesskapet eller kollektivet. Ho er ei røyst som ropar i øydemarka, ei levande kvinne full av motsetningar og pardoks, og likevel med ei innsikt i  mysteriet som det er få andre som har hatt.  I "Et brev om den indre livsvei" fortel ho levande om religiøse opplevingar i ein liten landsby i Portugal, i Assisi og i benediktinarklosteret Solesmes der ho tilbrakte 10 dagar i påska 1938. Ho skriv om dette: " Da jeg tidligere dannet meg mine tanker om gudsproblemets uløselighet, hadde jeg ikke forutsett en slik mulighet, en slik reell kontakt her nede, ansikt til ansikt, mellom Gud og mennesket." Likevel vel ho å stå utanfor, kanskje for di det er så mykje der ho og vil favna, kanskje i solidaritet med alle dei lidande som aldri finn sin plass?
I eit av breva frå 1942 skriv ho noko som oppsummerar alt dette, og som for meg  er noko av det vakraste som er skreve:  "Hvorfor skulle jeg da bekymre meg mer om dette ? Det er ikke min sak å tenke på meg. Min sak er å tenke på Gud. Det står til Gud å tenke på meg."


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar