søndag 4. juli 2021

Tvilaren Thomas

 3.juli feirar vi minnedagen for apostelen Thomas. Han vart tidlegare minna 21. desember  og det er her han er avmerka på primstaven. Etter kalenderrevisjonen i 1969 minnest vi han 3. juli. Vi veit ikkje så mykje om han utover  evangelietekstane og i dei synoptiske evangelia er han berre nemnt i apostellistene. I Johannes evangliet finn vi desto meir om Thomas, han var tilstades då Jesus vekte opp Lasarus men mest kjent er teksten frå Johannesevangeliet  20. kapittel der Thomas tviler på oppstoda men møte med Jesus overtyder han. Tvilaren Thomas er det nok mange som kjenner seg att i , vi trur meir eller mindre sterkt men tvilar kanskje vel så mykje. Vi har ikkje noko prov i form av eit møte med den lekamleg oppstandne Jesus og vil nok heller ikkje få det. Med unntak av visjonere som den heilage Birgitta av Vadstena, høyrer vi alle  til dei som må tru utan så sjå . Men vi høyrer til ei kyrkje, eit fellesskap  som støttar oss i denne trua. Ja vi tvilar og trua kan kjennest svak og nesten fråverande, då kan vi lita på at det er millionar andre som trur desto sterkare og som ber for dei som vaklar i trua.

Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje saman med dei andre læresveinane då Jesus kom. 25 «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»
 
Åtte dagar etter var læresveinane hans igjen samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus, sjølv om dørene var stengde. Han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk.» Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, sjå her er hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantru, men truande!» «Min Herre og min Gud!» sa Tomas. Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur.»

Det er ikkje historiske kjelder som gjev opplysningar om Thomas utover det som står i Johannesevangeliet, men i flg. ein dominerande tradisjon skal han ha reist som misjonær til India og forkynt evangeliet der. Dei thomaskristne på Malabarkysten i Kerala i  India fører tradisjonen sin tilbake til rundt år 50 då Thomas skal ha kome til India. 1900 års jubileet vart høgtida i 1952. Dei var ukjente inntil 700 talet då dei kom i kontakt med Den assyriske kyrkja og vart lagt inn under den. På 1500 talet kom jesuittiske misjonærar til Kerala og dei thomaskristne vart lagt inn under Den katolske kyrkja. Seinare har dei vorte splitta i ei rekkje ulike retningar der  den katolske Syro-malabariske kyrkja er den største med omlag 4 millionar medlemmer. Dei føl kaldeisk liturgi og nyttar syrisk eller malayalam som liturgisk språk.








2013 Aylesford i Kent. Mitt møte med dei syro-malabariske katolikkane og deira fargerike og høglytte feiring av ein lokal helgen.


fredag 2. juli 2021

Kolbein Falkeid til minne

 Poeten Kolbein Falkeid døydde 27. juni døydde 27. juni 87 år gammal.  Herborg Kråkevik skriv i eit minneord i Dag og Tid : "Min kjære ven Kolbein Falkeid  døydde denne veka", og kanskje er vi mange som  kjenner det slik, ein kjær ven som gav oss så mykje gjennom dikta sine. Sjølv om han no er borte etterlet han seg så mykje å gleda seg over.

Kolbein Falkeid nådde langt ut med dikta sine, lengre enn dei fleste poetar,  kan hende med unntak av Hans Børli, Olav H. hauge og Rolf Jacobsen. Hans samarbeid med visegruppa Vamp var nok viktig i denne samanheng, men kanskje framfor alt det at han skreiv gode dikt som folk flest kunne kjenna seg igjen i. Han skreiv om livet og ikkje minst døden, han skriv om barn og barnebarn, om glede og den djupaste sorga ein kan oppleva, tapet av eit kjært barn. Mange opplevde nok at han sette ord på deira kjensler.

No har han også klart det han han skriv om i diktet til sin døde vener: "Det klarte det" (frå Vind,Eple)

Venner dør.

Som stearinlys

ennå med flammene troskyldig

fulle av fremtid

gripes de mellom fuktige

tommel- og pekefingre.


Og til slutt i diktet:

De klarte det

selv om de knapt var fromme

som stjernebilder.

Det ble ikke tid

til spørsmål om mot eller feighet.

Uansett

klarte de det.

Kanskje er det heller ikkje det verste å vera den første eller den neste som legg ut på denne siste reisa, men den siste som hans skriv om i diktet "Den første" om Eva som er den første som døyr i "flokken av fint sammensydd gammelt vennskap"

Det verste

er ikke å være nestemann ut på reisen din,

men heller ikke den andre

men den siste.

Og måtte snakke med seg selv

på et nedsnødd

vinterspråk.


I 1989 kom diktsamlinga "En annen sol"  der temaet var dotteras tidlege og tragiske dødsfall. Boka gjorde han for alvor til ein av våre meste avhaldne lyrikarar.

Latteren din må være et sted.

Lyd går ikke så fort. Langt borte

er den blå, nesten umerkelige godversdønninger.

Så hvis jeg skyndte meg,

kunne jeg kanskje finne en fjern strand.

sette meg i solskinnet der

og ta imot dem.


Lyset i øynene dine

er også et sted. Lys

er alltid underveis. Selv fra slukte stjerner

vedblir lyset å stupe gjennom uendelige rom.

Jeg misunner alt som er vårdag om tusen år

plirer mot smilet ditt


Denne store sorga  ligg under mykje av det han skreiv seinare og i den siste diktsamlinga han fekk ferdig "Øyet og virkeligheten " frå 2014 kjem  det fram i diktet "Fotografiet"

Jeg har hengt det slik at jeg ikke kunne unngå

å se det. En bør

som bare blir tyngre for hvert år,

nesten ikke til å bære nå

i de siste motbakkene mine. Jeg har

hengt det akkurat der for ikke å glemme

den siden av meg selv

som jeg ldri  kan gå utenom. Litt

svovel på øyelinsene som skal svi og svi,

etse uopphørlig.

Jeg har villet det slik.


No er han kome over "de siste motbakkene"  og "Det er ikke så farlig lenger":


Det er ikke så farlig lenger.

Ingenting er så farlig lenger, for meg i det minste.

Klart det ikke er så farlig lenger.

Jeg er åtti år og naturligvis

er det ikke så farlig lenger.

Jeg skrev en gang om en gravstein i Rosendal,

om en pike som fullførte livet på åtte dager

bedre enn mange fullfører den på åtti år.

Så hva er det jeg sutrer for.


I "En annen sol" er det eit lengre dikt med tittelen "Innsikter". Her finn eg ei line som høver som avslutning:

"  slik vet menneskene det vesentligste: At vidder omgir tilværelsens ugjennomsiktige vegger."

No er poeten  gått gjennom desse veggane og ut på dei store viddene, vi skal enno ei kort stund halda oss innandørs verna av skjøre  veggar, men vi kan lesa poesi som stundevis gjev eit lite glimt ut på dei uendelege viddene.





søndag 20. juni 2021

Poetica: pinsemorgon

 

Pinsemorgon

Pinsemorgon maigrøn og solgylt

fylt av sanseminne

med streif av hugnad

den siste brekka

opp til gudshuset mellom fjella

sju hundre år med lukta av hegg

og grøne enger

med sprelske nyfødde lam.

Slik kunne ein minnast noko anna ?

Klåre gjennomsiktige haustdagar

vinternetter med mjølkevegen

som eit kjent spor i mørkre

lengten til ein annan kjærleik ?

Men nei det stakk djupare

fastbunde i nevron om du vil

uløyseleg knytt saman

brått vekt opp av svevnen

til eit undrande medvit

men berre eit kort sekund.

To gonger lever den

som kan nyte si fortid

sa dei gamle romarane

og så sterkt ønskjer vi

at dei ikkje tok feil.

 

 




Les Buissonnets

 Innlegg på fransk facebook side om Thérèse og  barndomsheimen Les Buissonnets:

Les Buissonnets, la maison de la  famille Martin après la mort de  Zélie. C`est aussi la maison d`enfance de Sainte Thérèse. Les Buissonets est entourée d`un jardin très beaux, ou on trouvés  une statue de Thérèse et son père Louis. Thérèse a demandé  son père permission d`entre au Carmel à l`age 15 ans.

Elle a écrit:” À travers mes larmes je lui confiai mon désir d`entrer au Carmel, alors ses larmes vinrent se mêler aux miennes, mais il ne dit pas un mot pour me détourner de ma vocation, se contentant simplement de me faire remarquer que j`étais encore bien jeune pour prendre une détermination aussi grave”.

Et plus tard les paroles très émouvant: ”Ce dont je me souviens parfaitement ce fut de l`action symbolique que mon Roi chéri accomplit sans le savoir. S`approchant d`un mur peu élevé, il me montra de petites fleurs blanches semblables à des lys en miniature et prenant une de ces fleurs, il me la donna, m`expliquant avec quel soin le Bon Dieu l`avait fait naître et l`avait conservée jusque` à ce jour; en l` entendant parler, je croyais écouter mon histoire tant il y avait de ressemblance entre ce que Jésus avait fait pour la petite fleur et la petite Thérèse....

Les Buissonnets

Notre visit à Lisieux mai 2018

 

Vi vitja Lisieux i mai 2018 og var naturlegvis også i Les Buissonnets som er gjort om til eit museum/ minnesmerke over Den heilage  Thérèse og  hennar familie. Rundt det sjarmerande huset er det ein vakker hage der vi finn ei statue av Thérèse og faren Louis.Thérèse  spør faren om lov til å tre inn i Karmel sjølv om ho berre er 15 år gammal.

Ho skriv om dette: " Gjennom tårene betrodde jeg ham mitt ønske om å tre inn i Karmel. Hans tårer blandet seg med mine, men ikke med et ord forsøkte han å avlede meg fra kallet, han nøyde seg ganske enkelt med å bemerke at jeg ennå var for ung til å ta en så alvorlig avgjørelse. "

Og litt seinare desse rørande orda: Det jeg derimot husker til fullkommenhet, det er den symbolske handlingen som min kjære konge utførte uten å vite det. Han gikk bort til den lave muren og viste meg noen små, hvite blomster som så ut som liljer i miniatyr. Han plukket en av dem, gav den til meg og forklarte hvor omsorgsfullt Gud hadde latt den bli født og hvordan han hadde beskyttet den til denne dag. Da jeg hørte han tale slik, tenkte jeg at det var som om jeg hørte min egen historie, for det var så mange likheter mellom det Jesus hadde gjort for den  lille blomsten og for den lille Thérèse  .








onsdag 9. juni 2021

Boken om mitt liv

 Eg les den norske omsetjinga av Teresa av Avilas sjølvbiografi "Boken om mittliv" som kom for snart 20 år sidan fint omsett av Olaug Berdal. Til no har eg klart meg  med karmels svenske omsetjing, men fint å lesa denne viktige boka i norsk språkdrakt. Eit kapittel om gangen for å fordøya stoffet, eg forstår ikkje heilt korleis Edith Stein las igjennom heile boka i løpet av ei natt og deretter uttrykte at dette er sanninga !Det siste hadde ho nok rette i.!

Teresa skriv i ein munnleg stil, spontant slik ho sikkert tala til sine medsøstre, det blir mange ord og gjentakingar, men så finn ein gullkorna innimellom slik som det mest kjende sitatet som har blitt ståande som ein definisjon på kontemplatuv bønn:

"... for efter mitt skjønn er den indre bønn intet annet enn det å omgåes i vennskap og tale ofte og lenge i ensomhet men den som vi vet elsker oss."

Eg kjenner meg også igjen i hennar problem med å  ta fantasien til hjelpe for å oppnå indre samling:

"Jeg var så lite flink til å forestille meg tingene med min forstand at hvisjeg ikke kunne se dem med mine øyne, så kom ikke fantasien meg til hjelp, slik den gjør for andre som kan danne seg bilder som hjelper dem til indre samling."

Så kan ein kanskje ta ei bok til hjelp eller  bilete frå naturen:

"For dem som går denne  veien, er det godt å ha en bok til hjelp for hurtig å kunne oppnå indre samling. For meg var det også nyttig å betrakte markene, vannet eller blomstene."

Og så han ein sjølvsagt den kjente allegorien om dei fire måtar å vatne ein hage på (kjem tilbake til det) Tersa skreiv boka i 1562 på oppdrag av  pater Garcia de Toledo. Manuskriftet låg lenge hos inkvisisjon, som ikkje hadde innvendingar, og kom først ut i 1588 og vart snart svært populær. Men Teresas mesterverk er utan tvil "Den indre borgen" som ho skriev i 1577  på slutten av livet. Boka kom på norsk i 2018, også omsett av Olaug Berdal.




torsdag 3. juni 2021

Sainte Thérèse et Notre-Dame des Victoires.

 Mitt innlegg på ei fransk facebook side om Therese av Lisieux. Notre-Dame des Victoires ligg i andre arrondissement i Paris, eg har tidlegare skreve om då eg vitja kyrkja i september 2019. Det gjorde sterkt inntrykk på meg, ikkje minst då eg erfarte kor  viktig denne kyrkja hadde vore for Martin familien. Louise, far til Therese kjente denne kyrkja frå den tida han utdanna seg til urmaker. Mora Zelie kjente også til Notre-Dame des vVctoires, og det er fleire brev der ho skriv til broren som studerar medisin i Paris og ber om at må tenna lys for henne  og døtrene i denne kyrkja.

Therese kom til Paris saman med faren og søstera Celine 4. november 1887 på veg til Roma. Faren viste dei rundt i byen, og Therese skriv at av alle dei underverk faren viste dei, var det Notre-Dame des Victoires som gjorde største inntrykk. Therese knyter dette til den smilande jomfru Maria som  ho såg då ho vart mirakuløst lækt av alvorleg sjukdom i mai 1883. Therese var overtydd om at ho vart frisk på Marias forbøn.

Eg avsluttar med at då nevna at då Thereses foreldre vart heilagkåra 18. oktober 2015, opplevde eg det som at Thereses ord " Den gode Gud har gjeve meg ei mor og ein far meir verdige til himmelen enn til jorda" vart oppfylte !


Sainte Thérèse et Notre-Dame des Victoires.

Pendant ma derniere visit à Paris septembre 2019 (avant le pandemie!) j`ai decouvert le basilique Notre-Dame des Victoires, est  J`ai retourné plusieurs fois pour prier!

Notre-Dame des Victoires est un basilique située au place des Petits-Pères dans le 2ᵉ arondissement de Paris. Une chapelle consacrée 2012 est dediée au parents de Sainte Thérèse les Saints Louis et Zélie. Le couple sont canonisée le dimanche 18. octobre 2015.

Au mois novembre 1887 Thérèse avec son père Louis et sa grande soeur Céline, a participé  au pelerinage à Rome , organisé par les diocèses de Coutances et de Bayeux. Pour Thérèse ce pèlerinage a aussi un autre but, demander au Pape lors  de l`audience, une permission d`entrer au Carmel à 15 ans. Ils sont arrivé à Paris le. 4. novembre , trois jour avant  que le pèlerinage a commencé.  Ces trois jours Louis a montré les merveilles de Paris à Thérèse et Céline. Il etait joyeux mais un peu fatigué de faire plaisir a ses deux filles tout le jour. Le 4. novembre ils  ont aussi visité  le basilique Notre-Dame des Victoires, que Louis Martin a faites connaissance de pendant ses etudes d`horlogerie dans les années 1848. Pour Thérèse c`etait  le plus  mémorable evénement de leur sejour à Paris. Elle a ecrit:

«Arrivés à Paris, papa nous en fit visiter tous les merveilles. Pour moi je n`en  trouvai qu`une seule qui me ravit, cette merveille fut: Notre-Dame des Victoires.»

Thérèse était convaincue  que c`était la Sainte Vierge qui « m`a fait sentir que c`était  vraiment elle qui m`avait souri et m`avait guérie.» Elle parle de sa maladie et guérisson miraculeuse mai 1883.

«Il fallait un miracle et ce fut Notre-Dame des Victoires qui le fit.»

Louis Martin a un grand confiance a Notre-Dame des Victoires et pendant la maldie de Thérèse il a ecrit à Paris de faire dire des messe à Notre-Dame des Victoires pour qu`elle guérisse une pauvre petit fille.

La mère de Thérèse Zélie qui est mort quand Thérèse n`avait que quatre ans, avait aussi un grand amour et confiance à Notre-Dame des Victoires. Les lettres de Zélie en l`année 1863-65 adressées à son frère, Isidore Guérin, qui faisait à Paris ses études de médecine, nous montrent cet amour et confiance. Ici est un extraits de sa correspondence:

« Si tu pouvais mettre un cierge pour moi à Notre-Dame des Victoires, vendredi prochain, jour de L`Immaculée Conception, tu m`obligerais beaucoup; je fais une neuvaine pour que mes deux petites filles, Léonie et Hélène, guerissent. Je t`en prie, ne me refuse pas cela! Essaie de trouver un moment dans la journée. Mai non, tu ne voudras pas, tu regardes cela comme rien; si tu savais comme c`est un jour mémorable pour moi que le 8 decembre! J`ai obtenu deux fois de grandes grâces ce jour là. J`espère que tu feras ce que je desire.”

18. octobre 2015, le jour de la canonisation de Louis est Zélie, j`avais l` expérience que c`est une                        réalisation de les mots de Thérèse : «Le bon Dieu m`a donné un père et une mère  plus dignes du Ciel que de la Terre.»

 



onsdag 19. mai 2021

Kvifor er mitt sinn så samansett

 Eg har tidlegare (2011 og 2016) skreve om den engelske poeten og presten John Donne som levde frå 1572 til 1631. Han er mest kjend for setningen "No man is an island", henta frå hans 17. Meditasjon som er ein prosatekst. Det er som poet han går inn som ein av dei store ikkje berre i engelsk språkleg litteratur, men og i verdslitteraturen. Sjølv om han  levde for 400 år sidan er han overraskande moderne. i sin poetiske tematikk. Vi blir gripne av kjærleiksdiktet "The Good Morrow" til kona Ann, og i sørgediktet " Since she whom I loved hath paid her last debt"  som  han skreiv etter ho var død bare 32 år gammal.

I diktet " Oh, to vex me, contraries meet in one" kan det moderne mennesket kjenna seg igjen.  Vi er samansett, vinglar frå det eine til det andre, kan ikkje heilt avgjera kva vi vil. Det handlar og om vår svake natur, vi sydar, angar og gjer bot men syndara så igjen. Her i  Åsmund Bjørnstads omsetjing:

Å,kvifor er mitt sinn så samansett -

Å, kvifor er mitt sinn så samansett -

mi vingling avlar, på unaturleg vis,

ein usvikeleg vane, at kjem eg i skvis,

då svik eg tru som truskap - det går lett.

Så gjer eg bot, og gløymer like greitt'

som i profane forhold og forlis;

i gåtefulle hugkast, eld, så is,

no alt, så inkje;innstendig, så eitt feitt.

Den himmelen eg knapt våga sjå i går,

får smeik i fagre ordlag i dag:

I morgon skjelv eg for hans domarstav.

For mine fromme rier kjem og går

som feberfantasier, men mest trygt

har eg det dagar då eg frys av frykt.