søndag 20. juni 2021

Poetica: pinsemorgon

 

Pinsemorgon

Pinsemorgon maigrøn og solgylt

fylt av sanseminne

med streif av hugnad

den siste brekka

opp til gudshuset mellom fjella

sju hundre år med lukta av hegg

og grøne enger

med sprelske nyfødde lam.

Slik kunne ein minnast noko anna ?

Klåre gjennomsiktige haustdagar

vinternetter med mjølkevegen

som eit kjent spor i mørkre

lengten til ein annan kjærleik ?

Men nei det stakk djupare

fastbunde i nevron om du vil

uløyseleg knytt saman

brått vekt opp av svevnen

til eit undrande medvit

men berre eit kort sekund.

To gonger lever den

som kan nyte si fortid

sa dei gamle romarane

og så sterkt ønskjer vi

at dei ikkje tok feil.

 

 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar