lørdag 18. juli 2026

Dag og Tid

 

26. mars 1962 fylte den folkekjære amerikanske poeten Robert Frost 88 år. Livet går mot slutten, men først skal han bli æra som landets store poet. President Kennedy tek  imot Frost i Det kvite hus og tildeler han Congressional Medal, ein høgt verdsett utmerking. Seinare på dagen er han æresgjest ved middagen i The Pan American Union i Washington. Den siste diktsamlinga hans «In the Clearing» vert publisert. USA  på byrjinga av 1960-talet visste å verdsetja sine forfattarar!

20. januar året før vart John F. Kennedy innsett som president. Robert Frost er blitt spurt om å framføra eit dikt under seremonien, det er første gong ein poet får ein slik ærefull førespurnad. Han har skreve eit lengre dikt, men skarpt sollys og iskald vind fører til at den aldrande Frost les det kortare diktet “The Gift Outright”. Omsett til norsk av Karin Haugane med tittelen “Den fullstendige gaven”.

Eg ser ikkje for meg at til dømes Joy Harjo eller Joyce Sutphen, to framståande amerikanske poetar, vert invitert til det Det kvite hus i dag. Men kanskje kjem det  nye tider? Diktet Frost hadde tenkte å framføra denne januardagen i 1961 sluttar slik: “ Firm in our free beliefs without dismay/ In any game the nation want to play/A golden  age of poetry and power/ Of which this noonday's the beginning hour”.

Innlegg i vekeavisa Dag og Tid 17.juli



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar