tirsdag 28. juli 2026
Olsok
29.juli og vi feirar Olsok,dagen til minne om Olav den heilage som fall på Stiklestad.Sjølv om kristninga av Norge gjekk over fleire hundre år både før og etter Olavs død,kan vi ikkje underslå den store betydning dette fekk for kristninga av vårt land.Olav vart heilagkåra lokalt,det var enno ikkje krav om at dette skulle skje i Vatikanet,lekamen hans vart skrinlagt og stod på høgalteret i Nidarosdomem fram til reformasjonen. I Mellomalderen var olsok ein av dei viktigaste høgtidsdagane, og Nidarodomem med Olavsskrinet var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa.Sjølv om Reformasjonen gjorde slutt på dette, held den folkelege feiringa av Olsok fram like til moderne tid.På slutten av 1800 talet vart det teke til orde for Olsokfeiring som nasjonalt symbol, mellom anna Bjørnstjerne Bjørnsson tok til orde for dette.900 års jubileet i 1930 vart markert på Stiklestad med fleire titusen tilstades.I vår tid har det vorte auka fokus på Olsok med pilegrimsvandringar, Olavsspelet og Olavsdagane i Trondheim. Frå katolsk hald har vi lagt vekt på Olav som Norges evige konge og skytshelgen. Vi førebur ei stor markering i 2030 då det er 1000 år sidan Olav fall på Stiklestad. Heilage Olav, Norges evige konge be for oss!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar