søndag 4. juli 2021

Tvilaren Thomas

 3.juli feirar vi minnedagen for apostelen Thomas. Han vart tidlegare minna 21. desember  og det er her han er avmerka på primstaven. Etter kalenderrevisjonen i 1969 minnest vi han 3. juli. Vi veit ikkje så mykje om han utover  evangelietekstane og i dei synoptiske evangelia er han berre nemnt i apostellistene. I Johannes evangliet finn vi desto meir om Thomas, han var tilstades då Jesus vekte opp Lasarus men mest kjent er teksten frå Johannesevangeliet  20. kapittel der Thomas tviler på oppstoda men møte med Jesus overtyder han. Tvilaren Thomas er det nok mange som kjenner seg att i , vi trur meir eller mindre sterkt men tvilar kanskje vel så mykje. Vi har ikkje noko prov i form av eit møte med den lekamleg oppstandne Jesus og vil nok heller ikkje få det. Med unntak av visjonere som den heilage Birgitta av Vadstena, høyrer vi alle  til dei som må tru utan så sjå . Men vi høyrer til ei kyrkje, eit fellesskap  som støttar oss i denne trua. Ja vi tvilar og trua kan kjennest svak og nesten fråverande, då kan vi lita på at det er millionar andre som trur desto sterkare og som ber for dei som vaklar i trua.

Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje saman med dei andre læresveinane då Jesus kom. 25 «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»
 
Åtte dagar etter var læresveinane hans igjen samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus, sjølv om dørene var stengde. Han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk.» Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, sjå her er hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantru, men truande!» «Min Herre og min Gud!» sa Tomas. Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur.»

Det er ikkje historiske kjelder som gjev opplysningar om Thomas utover det som står i Johannesevangeliet, men i flg. ein dominerande tradisjon skal han ha reist som misjonær til India og forkynt evangeliet der. Dei thomaskristne på Malabarkysten i Kerala i  India fører tradisjonen sin tilbake til rundt år 50 då Thomas skal ha kome til India. 1900 års jubileet vart høgtida i 1952. Dei var ukjente inntil 700 talet då dei kom i kontakt med Den assyriske kyrkja og vart lagt inn under den. På 1500 talet kom jesuittiske misjonærar til Kerala og dei thomaskristne vart lagt inn under Den katolske kyrkja. Seinare har dei vorte splitta i ei rekkje ulike retningar der  den katolske Syro-malabariske kyrkja er den største med omlag 4 millionar medlemmer. Dei føl kaldeisk liturgi og nyttar syrisk eller malayalam som liturgisk språk.








2013 Aylesford i Kent. Mitt møte med dei syro-malabariske katolikkane og deira fargerike og høglytte feiring av ein lokal helgen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar