mandag 20. juli 2026
Den heilage Thorlákr
I dag feirar vi minnedagen til Den heilage Thorlákr Thorkallsson av Skálholt.Han er Islands føtste helgen og vart i 1984 utnemd til Islands vernehelgen av pave Johannes Paul.Thorlákr vart prestevigd som heilt ung.Han studerte ved St.Victor klosteret i Paris frå 1156 til 1159 lik mange andre geistlege frå Nord-Europa.Han var tilbake på Island 1161.I 1168 grunnla han det første Augustinarklosteret på Island,og var den første abbed.Seinare grunnla han også eit nonnekloster.Han vart utnemd av Alltinget til biskop av Skálholt i 1174, året etter vart han vigd til biskop av erkebiskop Eystein i Nidaros. Island vart kristna tidleg på 1000 talet, landet hadde to bispedømme,Skálholt i sør frå 1056 og Hólar i nord frå 1106.Thorlákr var biskop fram til han døydde 23. desember 1193, seksti år gammal.Han vart omtala som audmjuk men handlekratig med særskilt omsorg for dei vanskelegstilt.Han forsvarte Kyrkjas lære noko som første til konflikt med stormenn på Island.Etter sin død vart han oppfatta som ein heilag mann,mirakel tilskreve hans forbøn vart samla i ei Jærteiknsbok som vart opplest på Alltinget.Hans relikviar vart overført til høgalteret på Skálholt 20 juli som vi minnes i dag. Det vart kalla Thorlákrmesse om sommaren, 23. desember var Thorlákrmesse om vinteren som også er markert på den norske primstaven. Det utsmykka relikvieskrinet forsvann ettert reformasjonen, men minne om denne heilage mannen vart halde i hevd lenge etter reformasjonen, og med ny aktualitet i vår tid. Ei rekkje kyrkjer i Nord-Europa, også i Norge vart vigd til Den heilage Thorlákr.
Heilage Thorlákr av Skáholt be for oss!
Kyrkja på Skálholt. Foto: Island travel
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar