tirsdag 2. mai 2017

Maxmillian Kolbe

 Vi føl den engelsktalande guiden gjennom fangebrakkene i Auschwitz. Roleg og detaljert legg han ut om den uforståelege brutaliteten som herska her for over sytti år sidan. Til sist kjem vi til gasskammeret og krematorieovnen, men før det kjellaren med spesialcellene og rettarstaden mellom brakkene. Cellene er mørke, fuktige og tomme bortsette frå ei, her er det reiste tre lys og framom celledøra ligg det friske blomar. Dette er cella der Maxmillian Maria Kolbe vart sperra inne saman med ni andre for langsamt å svelta i hjel. Mange har nok høyrt historia om korleis fransiskanarpresten Maxmillian Kolbe friviljug tok plassen til ein annan fange som var utpeikt til å døy som hevn for at ein fange hadde rømt (det viste seg seinare at det ikkje var tilfelle, han vart funne drukna i latrina).
Vi kjem ut til rettarplassen mellom brakkene der ti fangar vart utpeikt til å døy, ikkje raskt ved hengning med langsomt ved å sveltast i hjel. Sersjant Franciszek Gajowniczek var ein av dei som skulle døy, i fortviling ropte han ut at han ikkje skulle få sjå kone og born igjen. Då er det Maxmillian Kolbe stig fram og tar mannens plass, han er prest og har ingen eigen familie. Nazibøddelen godtek dette og Maxmillian blir ført til dødscella saman med dei ni andre. I dei to vekene som føl ber, syng og oppmuntrar han dei andre dødsdømde. Til sist er det bare Maxmillian igjen i live og han får ei giftsprøyte. Det gjer sterkt inntrykk å stå her og sjå plassen der dette dramet utspant seg . Eit drama ein har høyrt og lest om og danna seg sine indre bilete av.

Maxmillian Kolbes handling har i ettertid vorte framheva som noko av det største eit menneske kan gjera, å gje sitt eige liv for at ein annan skal få leva.
Han vart saligkåra i 1971 og helgenkåra av Johannes Paul i 1982. Begge gonger var den frigjevne fangen Franciszek Gajowniczek til stades.

Maxmillian Kolbe vart fødd inn i ein from familie i ein liten landsby utanfor Lodz i 1894, har fekk døypenavnet Raimund. Då han berre 16 år gammal gjekk inni  fransiskanarordenen saman med ein eldre bror,og tok navnet Maxmillian Maria, det siste etter Jomfru Maria som han var sterkt knytt til. Hans spiritualitet var veldig Maria sentrert, og mange utanfor Polen vil nok oppfatta det som ekstremt. Som fransiskanar var han uvanleg aktiv, han bygde opp ein stor klosterkommunitet og formidla bodskapen  både gjennom aviser, tidsskrift og radio. I først halvdel av trettitalet verka  han som misjonær i Japan, men kom tilbake til Polen då han vart sjuk av tuberkulose.
I tidsskrifta han redigerte er det artiklar som er klart antisemittiske, men då nazistane invaderte Polen var han på ingen måte likegyldig til forfølginga av jødar. Mange jødiske flyktningar vart hjelpte av Kolbe  og hans medbrødre. Han talte mot nazismen: " Hitlerismen vil forsvinne, og sannheten må seire."
Mange polske geistlege vart offer for Nazi-Tyskland, seks biskopar og over totusen prestar vart avretta. I mai 1941 var turen komen også for Maxmillian Kolbe og hans medbrødre, dei vart arrestert og deportert til Auschwitz.








                                        Cella der Maxmillian Kolbe døydde i august 1941
                                             Rettarstaden mellom brakkene
                                             Auschwitz ein regnfull og kald aprildag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar