tirsdag 16. mai 2017

Fatima 1917- 2017

13.mai  var det hundre år sidan Maria openberringa i den vesle portugisiske byen Fatima. Jomfru Maria viste seg for dei tre små borna Jacinta, Lucia og Francisco. Ho viste seg seinare ei rekkje gonger dette året, sist 13.oktober då omlag 50.000 var tilstades og vart vitne til det såkalla solunderet.
Maria oppfordra til bot og omvending og la spesielt vekt på å be rosenkransen dagleg. Kyrkja har seinare gjeve si formelle godkjenninga til desse openberringa.Ikkje minst pave Johannes Paul la stor vekt på Fatima og han meinte at Vår frue av Fatima kom han til hjelp ved attentatet i 1981, drapsforsøket fann og stad på dagen for Fatima openberringa 13. mai. Året etter kom han til Fatima for å takka:" Jeg kommer hit i dag fordi akkurat på denne dagen, ifjor, skjedde attentatet mot Pavens liv på Petersplassen. Og. som på underfullt vis, sammenfaller det med jubileet for den første åpenbaringen i Fatima, som skjedde 13. mai 1917. Disse datoene hang sammen på en slik måte at jeg i det så et speielt kall til å komme hit. Og derfor er jeg her i dag. Jeg kom for å takke Guds forsyn, på dette sted som Guds Mor ser ut til å ha valgt spesielt. Det er ved Guds nåde at vi ikke ble utslettet  - gjentar jeg nok en gang med Profeten."
No 35 år seinare kjem så pave Frans til Fatima i samband med hundreårsjubileet, høgdepunkt var heilagkåringa av Jacinta og Francisco som begge døydde eit par år etter openberringane. Lucia levde til 2005 nær hundre år gammal. Over ein halv milion pilegrimar var samla på den store plassen framfor katedralen der dei tre er gravlagde. Uansett kva ein meiner  om desse openberringane er det ingen tvil om at Fatima har betydd og betyr mykje for  så mange. Dei som kjem her kan ikkje unngå å bli prega av bodskapen  frå Fatima.

                                         Frå markeringa av Fatima i St. Paul kyrkje i Bergen

Linke til video frå Fatima med pave Frans
https://www.youtube.com/watch?v=XdVKrJDx5WI

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar