fredag 26. mai 2017

Biskop Anders Arborelius om sakramenta

Karmelittbroder og no biskop og kardinal Anders Arborelius kom for 30 år sidan med boka "Trosmedtation" som er ei samling artiklar om sentrale tema i katolsk tru. Ikkje minst er kapittelet om Maria vel verdt å lesa. Kapittelet om sakramenta oppsummerera på ein klar måte det som er kjernen i det sakramentale:
I Jesus Kristus møter vi heile Guds røyndom  i eit skapt vesen, Det kristne heilskapssynet er bestemt av inkarnasjonen. Jesus er Faderens sakrament som er kome til verda for å føra menneska tilbake til Han som er alle tings utgangspunkt og mål. " Det finst ikkje noko anna Guds skarament enn Kristus" som Augustin uttrykkjer det.
Sakramenta har samstundes både  ein jødisk og allmenn-menneskeleg bakgrunn, Det Jesus gjorde og sa bygde alltid på Israels trus samstundes som det hadde eit vidare perspektiv som omfatta alle menneske over alt og til alle tider. Sakramenta er uttrykk  for Guds objektive vilje til å frelsa oss og nåden som verkar i sakramenta er heilt hans verk (ex opere operato) Vi kan ikkje framkalla hans nærver gjennom tru og kjærleik, for han er alt der eit steg framom oss. Vår evne til å ta imot (ex opere operantis) er eit resultat og eit svar på Guds frie gåver. Gud vil gje menneska seg sjølv og det kan bare ta imot med sine to tomme hender.

Dei sju sakramenta uttrykker på ein priviligert måte korleis Kristus er nærverande og verkar i verda. Gjennom dei blir vi leia inn i varig felleskap med Han som alltid er nærverande.
I Kyrkja vil det alltid vera eit fruktbart samspel mellom det sakramentale og det karismatiske. Det som knyter dette saman er Den heilage Ande som  verkar gjennom sakramenta og gjer at dette er meir enn bare teikn og symbol, men og uavhengig av desse over alt der menneska ferdast.
"Sakramenta leiar oss alltid inn i Guds fulle fellesskap. Dei frir oss frå oss sjølve og det at vi er inneklemt i vår trange verd. Vi får nøkkelen til Guds verd, slik at vi kan møta Han i alle ting. Ingenting treng skygga for utsikten. Alt er gjennomskinleg. Heile den nye skapelsen  er oppfylt og gjennomlyst av den herleggjorde Kristus." avsluttar biskop og kardinal Anders Arborelius.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar