søndag 7. mai 2017

Kalwaria Zebrzydowska

Bilete over er frå Johannes Paul museet i Wadowice og viser pilegrimar på veg frå Wadowice til Kalwaria Zebrzydowska. Kalwaria vart grunnlagt på byrjinga av 1600 talet av Zebrzydowaki familien, etter kvart har det blitt eit stort anlegg med ei rekkje kyrkjer og kapell vigd til  Kristus og hans Mor.  Tanken var i uttgongspunktet å gjenskapa litt av Golgata i Polen, og dei første kapella var vigd til krossfestinga og Jesu grav. Kalwaria som ligg omlag 15 kilometer frå Wadowice er ein av dei viktigaste pilegrimsmåla i Polen med meir enn ein million besøkjande årleg. Eit av måla for pilegrimane er eit undergjerande ikon av Maria med Jesusbarnet.
Karol Wojtyla kom her første gong som tiåring i 1930 i lag med faren. Her vart grunnlaget for  hans livslange sterke Maria vørdnad lagt. Han kom tilbake mange gonger både som prest og biskop og på sine mange reiser til Polen som pave Johannes Paul 2.                                                                                                                                           



Ved inngongen til Kalwaria Zebrzydowska finn vi naturleg nok eit monument over Johannes Paul.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar